Avliving av kvalrossen i Kragerø er ikkje eit alternativ

Fiskeridirektoratet er kontakta av Kragerø kommune for å vurdere ei løysing for kvalrossen som for tida oppheld seg i hamneområdet i Kragerø. Avliving blir ikkje vurdert som eit alternativ.

Vi oppmodar folk i området til å halde god avstand til kvalrossen, ikkje gi den mat og la den få vere i fred. Kvalrossen er ein freda art og det er forbode å forstyrre den unødig. Samstundes er det slik at den omtalte kvalrossen har vore, og vil kunne vere, til hinder for alminneleg ferdsel når den legg seg på flytebrygger og jamvel om bord i småbåtar i hamna, slik vi har sett i det siste i Kragerø.

Fiskeridirektoratet har vurdert ulike alternativ som kan føre til mindre kontakt med den omtalte kvalrossen, og å avlive kvalrossen er ikkje eit alternativ. Verken Fiskeridirektoratets ekspertar eller forskarar Fiskeridirektoratet har vore i kontakt med tilrår avliving. Det er derfor ikkje grunnlag for eit slikt skritt og andre alternativ blir vurdert.

Samarbeid med kommunen

Først vil vi i samarbeid med kommunen få på plass ei eigna flytebrygge som kan vere attraktiv for kvalrossen å ligge på. Kommunen er no i gang med å få på plass ei slik brygge. Deretter kan det bli aktuelt å vurdere flytting av dyret til eit meir folketomt område på kysten.

Då kan vi kanskje unngå at kvalrossen legg seg til på små brygger eller oppi småbåtar og øydelegg desse. Det er snakk om eit relativt tungt dyr – kanskje 600-700 kilo. Vi trur det er snakk om ei ung ho som enno ikkje er kjønnsmoden.

Sjølv om dette er ein selart som til vanleg held seg langt nord i arktiske strøk, er det ikkje uvanleg med kortare eller lenger besøk langt sør, gjerne så langt sør som Holland og Storbritannia. Det er derfor eit håp om at kvalrossen vil vandre vidare på eit tidspunkt.

Oppdatert: 21.06.2022