Tverretatleg fagdag om fiskerikriminalitet

Den 2. desember møtest ei rekkje kontroll- og tilsynsetatar til ein lokal og felles tverretatleg fagdag i Ålesund. Tema for fagdagen er arbeid mot fiskerikriminalitet i alle former på sjø og land.

Dei ulike etatane som samlar seg i Ålesund er Fiskeridirektoratet, Kystvakten, Skatteetaten, Tolletaten, Mattilsynet, Justervesenet, Kystverket, Politi, Arbeidstilsynet, Statens vegvesen, Statens Naturoppsyn og NAV.

Etatane dekker stort sett kontroll og tilsyn i alle delar av samfunnet, og arbeider med å førebygge og bekjempe fiskerirelatert kriminalitet, herunder miljøkriminalitet og arbeidslivskriminalitet både på sjø og land.

– Formålet med seminaret er å drive nettverksbygging og bli kjent med arbeidsoppgåver og ansvarsområde til kontrolletatane i Norge. Slike samlingar er viktige for å drive kontroll meir effektivt og dermed auke kvaliteten på tverretatlege kontrollar, seier seniorrådgivar Eva Kristin Godø i Fiskeridirektoratet.

Orientering

Seminaret blir opna av statssekretær Vidar Ulriksen i Nærings- og fiskeridepartementet. Deretter blir det mellom anna faglege innslag om datatryggleik ved Nasjonalt Sikkerhetsmyndighet, og orientering med tittelen "Kriminalitet i arbeidslivet rammer alle" i regi av politiet.

Nærings- og fiskeridepartementet skal orientere om prosjektet «Blue Justice» før seminaret blir avslutta etter ei orientering om kongekrabbesaka som nyleg har gått for domstolane.

Fiskeridirektoratet er arrangør av seminaret og ventar rundt 100 deltakarar.

Media er invitert til å delta den 2. desember 2021 mellom klokka 09.30 til 10.45 i bystyresalen i Ålesund rådhus. Ta kontakt med seniorrådgivar Eva Kristin Godø i Fiskeridirektoratet region Midt på telefon 414 17 863 eller e-post: eva-kristin.godo@fiskeridir.no

Oppdatert: 26.11.2021