Pelagisk kontrolloffensiv

Fiskeridirektoratet startar no ein kontrolloffensiv i pelagisk fiskeri. Kontrollane vil bli særskilt retta inn mot landingar av tobis ved sildeoljefabrikkar i Sør-Noreg.

Det er sett saman i alt seks kontroll-lag frå tre av dei fem regionane i Fiskeridirektoratet som i første rekkje skal fylgje landingar av tobis ved sildeoljefabrikkane på Vestlandet.

– Vi skal ha ute eitt lag kvar veke som vil ha fleksibel arbeidstid slik at dei kan dukke opp når som helst og kontrollere landingar av fangster ved sildoljefabrikkane. Vi er spesielt opptatt av at fangstane ikkje skal ha ulovleg innblanding av anna fisk og minstemål. Vi har tidlegare sett at store menger hyse har gått direkte til oppmaling i fisket etter tobis, seier seksjonssjef for kontroll i Fiskeridirektoratet region Midt, Karl Anton Lorgen.

kontroll-tobis-egersund-2021 © Fiskeridirektoratet.jpg

Samarbeid

Denne gongen vil Fiskeridirektoratet også ha eit samarbeid med Norges Sildesalgslag som skal ha inspektørar klare ved landingar og dei skal artsidentifisere alle fiskeslag ved landing.

– Kontrolloffensiven vil starte i Egersund, men vil omfatte alle sildeoljefabrikkane frå Egersund og nordover til Ålesund. Sidan det først og fremst er landingar av tobis vi er opptatt av vil kontrolloffensiven vare til omtrent 1. juli, men også landingar av andre fiskeslag kan  bli kontrollert ut i frå fortløpande risikovurderingar, seier Lorgen.

Oppdatert: 20.05.2021