No kan du registrere deg til ungdomsfiske

Fiskeridirektoratet har no lagt ut skjemaet for påmelding til årets ungdomsfiskeordning. Ordninga er meint som ein sommarjobb for ungdom mellom 12 og 25 år.

Det er Nærings- og fiskeridepartementet som fastset ungdomsfiskeordninga og registrering skjer på eige skjema, som blir sendt til den regionen i Fiskeridirektoratet som dekker det området der deltakaren bur.

Ungdomsfiskeordninga gjeld i perioden frå og med 14. juni til og med 6. august, men for fiske etter rognkjeks opna ordninga 1. mai. Ordninga er ikkje open for manntalsførte fiskarar og ungdomane som deltek kan levere fisk for inntil 50.000 kroner.

Fartøyet som blir brukt i ungdomsfiskeordninga skal vere registrert i Fiskeridirektoratet sitt merkeregister, Småbåtregisteret hos Redningsselskapet eller Skipsregisteret.

Særlege reglar for leppefisk og rognkjeks

For fiske etter leppefisk gjelder ordninga frå og med 19. juli kl. 08:00 sør for 62°N og frå og med 2. august kl. 08:00 nord for 62°N. Fisket etter leppefisk i ungdomsfiskeordninga gjeld til og med 20. oktober kl. 20:00 eller til fisket i ope gruppe i same område blir stoppa.

For å delta i fisket etter leppefisk i ungdomsfiskeordninga, skal kopi av leveringsavtale med godkjent kjøpar vere lagt ved registreringa hos Fiskeridirektoratet. Det er ikkje krav om AIS for ungdomsfiskarar som driver fangst av leppefisk.

For fiske etter rognkjeks gjelder ordninga frå og med 1. mai til og med 20. juni vest for 26°A og frå og med 1. mai til 5. juli i Finnmark aust for 26°A.

Påmeldingsskjema ungdomsfiskeordninga 2021

Forskrift om ungdomsfiskeordninga

Nå kan du søke sommerjobb som fisker (regjeringen.no)

Oversikt over alle påmelde til ungdomsfiskeordninga 2021

Oppdatert: 06.05.2021