Mange beslag i felleskontroll på Vestlandskysten

I perioden 1.-5. mai gjennomførte Fiskeridirektoratet, Politiet, Kystvakten og Statens Naturoppsyn (SNO) felles kontroll fleire stader på kysten utanfor Bergen. Resultatet er nokså nedslåande og store mengder reiskap er beslaglagt og fleire forhold er meldt til politiet.

I løpet av dei få dagane vart det beslaglagt 103 ulike reiskap, flest teiner, og det vart innlevert 52 anmeldelsar. Mange av både teiner, ruser og garn som vart beslaglagt bar preg av å ha stått i sjøen ei stund og mange av dei fiska framleis.

– Når reiskap blir ståande i sjøen utan å bli røkta, fører det til såkalla spøkelsesfiske der fisk og skaldyr blir fanga og blir pint til døde. Mange av teinene er gjerne også utan rømmingshol som skal vere igjensydd med bomullstråd, og som skal råtne og slik opne teina etter ei tid, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

Rømmingshol fungerer

Fiskeridirektoratet minner om at det er innført ei generell røktingsplikt som pålegg alle som set teiner i sjøen å røkte teinene minimum ein gong i veka viss ikkje anna er sagt i regelverket. Han peikar også på at rømmingsholet med igjensydd bommullstråd er pålagt i både hummar- og krabbeteiner. Frå i år også i teiner og ruser i fisket etter leppefisk.

– Mesteparten av dei teinene vi fann som hadde stått i sjøen ei stund og som hadde rømmingshol og bomullstråd var tomme. Her hadde altså tråden råtna bort etter hensikta og teinene hadde opna seg slik at fisk og skaldyr fanga i teinene slapp ut. Det viser at systemet med rømmingshol og bomullstråd fungerer, seier Iden.

Effektive kontrollar

Felleskontrollar mellom etatar som har kontrollmyndigheit på sjøen har vist seg å vere effektive ved at ein kan dekke store områder på relativt kort tid. Det er difor eit håp at slike kontrollar vil bidra til at dei som er ute og fiskar blir flinkare til å fiske i tråd med regelverket.

– Vi må få bukt med spøkelsesfiske, det er både uetisk og representerer eit ressurssløseri. I tillegg bidrar tapte og etterlatte reiskapar til marin forsøpling og spreiing av både makro- og mikroplast, seier Iden.

Oppdatert: 07.05.2021