Lofotforskrifta er oppheva – fisket greit gjennomført

Den lokale forskrifta som regulerer fisket i Lofoten vart oppheva ved midnatt mellom 15. og 16. april. I år har Fiskeridirektoratet hatt ein eigen kontrolloffensiv i torskefisket i nord og inspektørkorpset kan melde om at fisket har gått greit for seg.

Forskrifta om fisket i Lofoten regulerer blant anna havdeling, reiskapsbruk og inn- og utmelding av reiskap.

- Fisket i området den aktuelle forskrifta regulerer har gått greit. Det er alltid nokon utfordringar knytta til inn- og utmelding av reiskap, men dette har fungert mykje betre i år enn i fjor, seier førsteinspektør i Fiskeridirektoratet region Nordland, Trond Linchausen Blom.

Lite konfliktar

Sjølv om sesongen ikkje er heilt avslutta enno, kan det slåast fast at det har vore mindre aktivitet på «innersida» (sør for Lofoten) enn lenger ute og på «yttersida» (nord for Lofoten). Det meste av fiskeriaktiviteten har føregått i og rundt Henningsværstraumen, ved Røst og på yttersida.

- Trass i at tettheita på bruk som står i havet og potensielle kollisjonar med snurrevadfiske er det vårt inntrykk at det har vore lite konfliktar mellom dei ulike reiskapsgruppene. Dette er basert på tilbakemeldingar frå fiskarane sjølve og frå Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste som har vore på fiskefelta gjennom heile perioden. I tillegg har vi på oppfordring frå fiskarane sjølve oppretta to såkalte henstillingsområder avsatt til snurrevad, seier Blom.

Mange kontrollar – få reaksjonar

På det meste har Sjøtjenesten hatt tre oppsynsbåtar på fiskefelta , og det er gjennomført 632 kontroller på havet, relatert til den lokale forskrifta for Lofoten. Av desse har 507 ikkje resultert i nokon form for reaksjon, mens 75 av kontrollane har endt med skriftleg rettleiing og 27 saker har endt med skriftleg advarsel. Det er sendt ut 17 forhåndsvarsel som kan ende med lovbrotsgebyr eller i verste fall anmeldelse.

- Så langt har vi ilagt eitt overtredelsesgebyr. I dette tilfellet vart gebyret ilagt for haling av snurrevad i eit linefelt, sier Blom.

Oppdatert: 15.04.2021