Kontrolloffensiven fortsetter etter påske

Vinterens kontrolloffensiv i torskefisket fortset i påska og etter påske så lenge torskefisket pågår. Resultata av utvida kontroll i vinter viser at å vere til stades på mottak og på havet har hatt effekt.

Fiskeridirektoratet har i vinter hatt fleire inspektører enn vanleg ute på oppdrag der det vert landa fisk i region Nord og region Nordland. Inntrykket så langt er at det meste er innafor regelverket, men nokre reaksjonar har det vore.

- Erfaringane så langt i år, som tidlegare år, viser at det meste går rett for seg når det er kontroll tilstades. Sjølv med denne kontrolloffensiven skjer likevel dei aller fleste landingar utan at inspektørar er på plass. Inntil vi har betre dokumentasjonssystem gir dette dessverre fortsatt stor risiko for lovbrot. Derfor treng vi nå å få på plass sikker sporing og fangstrapportering frå alle fiskebåtar, og automatiske vekter og vegesystemer ved mottaka, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

– Vi har prioritert rettleiing og har ikkje avdekka så mange regelbrot. Det har nok samanheng med at dei fleste held seg til regelverket, og at vi er til stades ved landing av fisk og ute på havet har effekt, seier regiondirektør Janne Andersen i Fiskeridirektoratet region Nordland.

200 kontrollar

I løpet av februar månad er det gjennomført om lag 200 kontrollar av inspektører på land og av Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste ute på fiskefelta. Kontrollane på land omfattar dokumentkontroll på mottaka og kontroll av fiskefartøya ved landing av fisk.

Sjøtjenesten er på havet med tre fartøy og gjennomfører reiskapskontrollar, fangstkontrollar og dokumentkontrollar, driv rettleiing og bidrar til at det ikkje oppstår brukskonfliktar når mange fartøy fiskar i det same området. I tillegg er Kystvakten til stades på fiskefelta og Råfisklaget har inspektørar på mottaka for å drive kontroll saman med Fiskeridirektoratet.

Forventar lenger sesong

Så langt er det gjort vedtak om 12 saker med ilegg av lovbrotsgebyr, og eitt tilfelle er anmeldt. Det er sendt ut 19 rettleiingsbrev der det blir påpeikt mindre alvorleg regelbrot, men som ved første brot ikkje medfører ein straffereaksjon.

Skreiinnsiget til innersida av Lofoten har late venta på seg og sesongen vil truleg bli forlenga i år og vil truleg ikkje vere over før i månadsskiftet april/mai. Det betyr at Fiskeridirektoratets kontrolloffensiv også vil bli utvida.

– Det er forventa stor aktivitet også i påska og vi vil derfor ha inspektørar på kontroll både i påska og så lenge sesongen varer, seier Andersen.

Oppdatert: 11.03.2021