Hausting av raudåte i 2021

Det har i seinare tid vorte klart at det i forkant av 2021-sesongen var behov for endringar i både prøvetakingsprotokollen og i reguleringsføresegna for fartøy som har løyve til å hausta raudåte i medhald av kommersielle konsesjonar.

Alle potensielle deltakarar i hausting av raudåte i 2021 har fått tilsendt informasjon om endringane for årets sesong.

Det er gjort følgjande endringar i prøvetakingsprotokollen (sjå kolonne til høgre), som Havforskingsinstituttet er ansvarleg for:

  • Formalin er bytt ut med etanol som konserveringsmiddel
  • Vedlegget «Sikkerhetsdatablad formalin» er bytt ut med «sikkerhetsdatablad Absolutt alkohol prima».
  • Det er presisert i protokollen at etanol er brannfarleg, nødvendige tryggingstiltak og gjennomgang av sikkerhetsdatabladet må gjennomførast før etanol blir tatt om bord.

Det er også nødvendig å presisera klarare i §3 i gjeldande reguleringsføresegn at også fartøy som haustar raudåte i medhald av kommersielle løyve, skal følgja prøvetakingsprotokollen utarbeidd av HI, og det er difor gjort følgjande endring:

«Fartøy som deltar i høsting av rødåte skal følge den til enhver tid gjeldende protokoll for prøvetaking av innblanding av fiskelarver og fiskeyngel under rødåtehøsting som er fastlagt av Havforskningsinstituttet…».

Feltskifte

For ei tid tilbake vart det i prøvefisket etter raudåte innført ein regel om feltskifte, dvs. at eit fartøy skal skifta felt når innblandinga av fiskelarver og fiskeyngel overstig 10 %. Denne regelen om feltskifte er no også gjort gjeldande for fartøy som deltek i medhald av kommersielle løyve, og kjem til uttrykk i §5 (ny) i reguleringsføresegna på følgjande måte:

«Det skal foretas et feltskifte dersom prøvetaking viser at rødåtefangsten har over 10 % innblanding av fiskelarver og fiskeyngel uavhengig av fiskeart. Dette gjelder for hvert enkelt trålhal. Med feltskifte menes endringer i fartøyets geografiske posisjon eller justeringer av fiskeredskapet som er egnet til å hindre ulovlig innblanding.»

Vi viser til reguleringsføresegna og prøvetakingsprotokollen for fleire detaljar om vilkåra for hausting av raudåte i 2021.

Oppdatert: 28.04.2021