Forskingsavgift for året 2022

No er det klart for å søkje på tilskot til fiskeriforsking 2022. Søknadsfristen er 10. november 2021.

Fiskeridirektoratet har ansvar for forvalting av tilskot til fiskeriforsking finansiert av fiskeriforskingsavgifta. Med atterhald om Stortingets budsjettvedtak vert det med dette utlyst tilskot for fiskeriforsking for 2022.

Søknadskjema om tilskot til fiskeriforsking

Kven kan søkje?

Norske forskingsinstitusjonar utanom fiskeriforvaltinga (ikkje Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet) og norskregistrerte private aktørar i samarbeid med forskingsinstitusjon kan søkje.

Kva kan ein søkje om?

Tilskotsordninga skal først og fremst bidra til å dekke kostnader for å hente inn kunnskapsgrunnlag for ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursar, men kan også etter ei konkret vurdering nyttast til anna innhenting av kunnskap for å realisere føremålet i havressurslova. Tilskotet skal berre dekka kostnader til bruk av fartøy og andre ekstrakostnader ved toktverksemd.

  • Tilskotet kan maksimalt dekke 50 prosent av kostnadene for forskingsprosjektet i 2022, og det er berre reelle kostnader som ikkje er finansiert gjennom ekstern finansiering.
  • Søkjar må også leggje fram fullstendig budsjett og opplyse om status for anna finansiering. Prosjekt som dekker fiskeriforvaltinga sitt kunnskapsbehov har høgast prioritet, men andre prosjekt som fell inn under ordninga sitt føremål kan også søkje.

Resultata frå prosjekta skal gjerast offentlege og fritt tilgjengelege. Dette inkluderer både innsamla data og resultat.

  • Dersom ein har delfinansiering frå Forskningsrådet, FHF, Innovasjon Norge eller EU, vil det vurderast som positivt.
  • Det kan berre gis bindande tilsegn om tilskot for budsjettåret 2022. Dersom ein søkjer om støtte til prosjekt som går over fleire år, kan det gjevast med atterhald om Stortinget sitt framtidige budsjettvedtak.

Mottakar av tilskotet skal sende inn prosjektrekneskap som gjeve i tilsegnsbrevet.

Mottakar skal også rapportere om korleis prosjektet har medverka til å oppnå målsettingane.

Oppfølgings- og kontrolltiltak vert baserte på mottatt innrapportering frå tilskotsmottaker. Fiskeridirektoratet kan vurdere om det er nødvendig med ytterlegare oppfølgings- og kontrolltiltak.

Dersom tilskotsmottaker gjev uriktige opplysingar eller tilskotet ikkje vert nytta i samsvar med vilkåra i tildelinga, kan tilskotet krevjast heilt eller delvis tilbake.

Søknadsfrist: 10. november 2021.

Oppdatert: 28.09.2021