Ei selfangstskute – ingen inspektør
Kun ei skute har søkt om å få delta i årets selfangst og den har no fått løyve. På grunn av koronapandemien vil Fiskeridirektoratet heller ikkje i år sende inspektør for å overvake selfangsten.
Då søknadsfristen for å delta i årets selfangst gjekk ut fredag 5. mars hadde kun ein aktør søkt om deltaking i fangsten. Det er snakk om fartøyet «Salarøy», som blir drifta av Norse Marin AS.
I fjor deltok tre skuter i selfangsten og det vart heller ikkje då sendt inspektør med skutene. Grunnen er den same i år; usikkerheit forårsaka av koronavirus.
Fiskeridirektoratet utarbeidar risikovurderinger for all aktivitet under koronapandemien. Vi har kome fram til at førebuingane som eventuelt skal til for å sende inspektør ut i isen ville vore svært omfattande, og at risikoen er for høg med tanke på at mogelegheitene for rask evakuering er veldig små dersom nokon om bord i selfangstskuta skulle bli smitta og sjuke av koronavirus.
Årets fangst vil kunne føregå mellom 1. mars og 31. mai i østisen og mellom 10. april og 30. juni i vestisen. Kvoten er på 7000 grønlandssel i austisen og 11 548 grønlandssel i vestisen.