Høyring om overføring av torskekvote til neste år

For å motverke eventuelle problem ute i marknadene, ønskjer fleire organisasjonar at det skal bli mogleg for fiskarar å overføre delar av torskekvoten sin til neste år.

Tidlegare har det berre vore mogleg å overføre kvoter på gruppenivå, det vil seie for alle fartøya i ei gruppe. Forslaget, som no er sendt ut på høyring, inneber at kvar enkelt fiskar sjølv kan bestemme om dei vil overføre til neste år.

Ordningen kan omfatte torsketrålarane, konvensjonelle havfiskefartøy og fartøy i lukka gruppe med heimelslengde over 11 meter. Ordninga vil ikkje gjelde for fartøy i open gruppe eller lukka gruppe med heimelslengde under 11 meter.

Høyringsfristen er 17. juni.

Oppdatert: 10.06.2020