No kan du registrere deg til ungdomsfiske

Fiskeridierktoratet har no lagt ut skjemaet for påmelding til årets ungdomsfiskeordning. Ordninga er meint som ein sommarjobb for ungdom mellom 12 og 25 år.

Det er Nærings- og fiskeridepartementet som fastset ungdomsfiskeordninga og registrering skjer på eige skjema til den regionen i Fiskeridirektoratet som dekker det området der deltakaren bur.

I fjor deltok om lag 400 ungdomar, dei fleste i regionane Vest og Nord. Ordninga er ikkje open for manntalsførte fiskarar og ungdomane som deltek kan levere fisk for inntil 50.000 kroner.

Særskilte reglar for rognkjeks og leppefisk

For å kunne delta i fisket etter rognkjeks i Nordland og Troms og Finnmark må fartøyet vere under seks meter, og for å delta i fisket etter leppefisk må fartøy som ikkje er merkeregistrert vere registrert i Småbåtregisteret og ein må ha leveringsavtale med godkjent kjøpar av leppefisk.

Ungdomsfiskeordninga gjeld i perioden frå og med 15. juni til og med 7. august.

Forskrift ungdomsfiskeordninga

Påmeldingsskjema ungdomsfiskeordninga 2020 

NFD pressemelding

Oppdatert: 30.04.2020