Neddreping av sild på Haltenbanken

Kystvakten melder om at fleire fartøy som fiskar norsk vårgytande (NVG) sild på Haltenbanken har problem med å handtere store fangster og at dette har ført til neddreping av store mengder sild. Fiskeridirektoratet vurderer no fleire tiltak for å unngå at sildefangster går tapt.

Silda er no på gytevandring sørover og det blir for tida fiska på bankane utanfor Trøndelag og Møre og Romsdal. Kystvakten har overvaka fisket og det er observert at fleire ringnotfartøy har fått så store fangster at mannskapa om bord i fartøya ikkje klarte å berge heile fangstane.

Vurderer tiltak

Dette førte til at store mengder sild slapp uta av nøtene og det meste av silda døde og flaut vekk. Fiskeridirektoratet reknar med at store mengder sild kan ha gått tapt som følge av dette. Kystvakten vil no sende ytterligare eit fartøy for å styrke kontrollen med sildefisket. Fiskeridirektoratet vurderer fleire tiltak for å unngå at sild går tapt på grunn av for store fangster.

-  Fiskeridirektoratet region Midt har alt iverksett dagstenging slik at det no berre blir lov å fiske sild på kvelds- og nattestid. Så vil vi vurdere reaksjonar i dei konkrete tilfella av neddreping som vi har fått dokumentert mellom anna frå flyet til Kystvakten. I tillegg vil vi ha dialog med flåten via organisasjonane dei er medlemmer av og gjere dei merksame på risikoen dei tar ved å kaste på store ansamlingar av sild, seier direktør Aksel Eikemo ved Ressursavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet og Kystvakten vil med bakgrunn i situasjonane som er blitt avdekka på Haltenbanken følgje ekstra nøye med og oppmodar samstundes fiskeflåten til å vurdere risikoen og ikkje kaste på for store stimar av sild.

Oppdatert: 25.02.2020