Tilskot til fiskeriforsking 2020

No er det klart for å søkje på tilskot til fiskeriforsking for 2020. Søknadsfrist er 3. november 2019.

Fiskeridirektoratet har ansvar for forvalting av tilskot til fiskeriforsking finansiert av fiskeriforskingsavgifta. Med atterhald om Stortingets budsjettvedtak vert det med dette utlyst tilskot til fiskeriforsking for 2020.

Kven kan søkja?

Norske forskingsinstitusjonar utanom fiskeriforvaltninga (ikkje Havforskingsinstituttet eller Fiskeridirektoratet) og norskregistrerte private aktørar i samarbeid med forskingsinstitusjon kan søkje.

Kva kan ein søkja om?

Tilskotsordninga skal først og fremst bidra til å dekke kostnader for å innhente kunnskapsgrunnlag for ei bærekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursar, men kan også etter ei konkret vurdering nyttas til anna kunnskapsinnhenting for å realisera føremålet i havressurslova. Tilskotet skal kun dekka kostnader til bruk av fartøy og andre ekstrakostnader ved toktverksemd.

  • Tilskotet kan maksimalt dekka 50 prosent av kostnadene for forskningsprosjektet i 2020, og det er berre reelle kostnader som ikkje er finansiert gjennom ekstern finasiering
  • Søkjar må også leggje fram fullstendig budsjett og opplysa om status for anna finansiering. Prosjekt som dekker fiskeriforvaltningas kunnskapsbehov har høgast prioritet, men andre prosjekt som fell inn under ordningas føremål kan også søkje.

Resultata frå prosjekta skal gjerast offentlege og fritt tilgjengelige. Dette inkluderer både innsamla data og resultat.

  • Dersom ein har delfinansiering frå Forskningsrådet, FHF, Innovasjon Norge eller EU, vil det vurderast som positivt.
  • Det kan kun bli gitt bindande tilsegn om tilskot for budsjettåret 2020. Dersom ein søkjer om støtte til prosjekt som går over fleire år, kan det gjevast med atterhald om Stortinget sitt framtidige budsjettvedtak.

Mottaker av tilskotet skal sende inn prosjektrekneskap som gjeve i tilsagnsbrevet.

Mottaker skal også rapportere om korleis prosjektet har medverka til å oppnå målsettingane.

Oppfølgings- og kontrolltiltak vert basert på mottatt innrapportering frå tilskotsmottaker. Fiskeridirektoratet kan vurdere om det er nødvendig med ytterlegare oppfølgings- og kontrolltiltak.

Dersom tilskotsmottaker gjev uriktige opplysninger eller tilskotet ikkje vert nytta i samsvar med betingelser i tildelinga, kan tilskotet krevast heilt eller delvis tilbake.

Søknadsfrist: 3.november 2019.

Gå til søknadsskjema: Tilskot til fiskeriforsking

Oppdatert: 24.09.2019