Mange vil tråle etter raudåte

Fiskeridirektoratet har mottatt 35 søknader til å drive tråling etter raudåte i norske farvatn. Det er totalt lyst ut 10 avgrensa løyve, fem i kategori 1 og fem i kategori 2.

Fem av søknadene er for tråling i kategori 1 der det er opna for å drive tråling med unntak frå aktivitetskravet i deltakarlova, medan 30 søknader er kome inn til kategori 2 der det er stilt aktivitetskrav (aktive fiskarar).

Søknadene er no til handsaming i Fiskeridirektoratet. Meir informasjon finn du på sida om raudåte.

Oppdatert: 28.08.2019