Du er her:

Betre vern for sårbare artar i Barentshavet

Oppdatert: 02.04.2019

Blautkorallar, svamp og andre sårbare artar på havbotnen er viktige for livet i havet. Samtidig kan dei bli skadde av fiskeriaktivitet. Nye reglar skal gje betre vern av sårbare artar på botnen av Barentshavet.

kart-botnområde-svalbard-stort..jpg

I 2011 vart det innført avgrensing i bruk av reiskap som kjem i kontakt med havbotnen. For delar av Barentshavet, som har andre artar enn lenger sør, var ikkje dette tilstrekkeleg. Difor vert no ti område i Barentshavet stengde for alt botnfiske.

Dei nye reglane er baserte på ein grundig gjennomgang av botnforhold, fiskeriaktivitet og fangst- og forskingsdata.  Næringa har også bidrege til viktig informasjon. 

Dei viktigaste endringane:

  • 10 avgrensa område vert stengde for alt botnfiske.
  • Ei ny inndeling av område der fiske med botnreiskap kan gå føre seg, og område der slikt fiske føreset spesialløyve frå Fiskeridirektoratet
  • Reglar som skal sikre at det blir vurdert korleis nye reiskapar og endra bruk av eksisterande reiskapar påverkar havbotnen.

Endringane gjeld frå 1. juli 2019.

Lenke til kart som viser den nye inndelinga av område

The text in English:

Better protection for vulnerable species in the Barents Sea

Corals, fungi and other vulnerable species on the seabed are important for marine ecosystems, and are at risk for damage by fishing activity. New regulations will provide better protection for vulnerable seabed species in the Barents Sea.

In 2011 a restriction on fishing gear that could touch the seabed, such as bottom trawl, was introduced in specific areas in order to prevent damage to life on the seabed. This regulation has turned out to be insufficient in the Barents Sea and the new regulation introduces a ban on all ground fishing in ten areas in the Barents Sea.

The new regulation is based on a thorough review of seabed conditions, fishing activity and catch- and research data. The industry has also contributed with important information in the process.

The most important changes are:

  • Ten delimiting areas closed for all ground fishing
  • A new division of areas where fishing with bottom gear can take place and areas where such fishing requires special license from the Directorate of Fisheries
  • Regulations that secures a consideration on how new fishing gear and changed use of existing fishing gear affects the seabed.

Changes take effect July 1, 2019.

Link: Map showing the new sections