Du er her:

Søknadsskjema for tilskot til fiskeriforsking for 2019 er klart

Oppdatert: 08.10.2018

No er det klart for å søkje tilskot til fiskeriforsking for 2019 via vårt nye skjema. Søknadsfristen er 9. november 2018.

Fiskeridirektoratet har ansvar for forvalting av tilskot til fiskeriforsking finansiert av fiskeriforskingsavgifta. Med atterhald om Stortingets budsjettvedtak vert det med dette utlyst tilskot for fiskeriforsking for 2019.

Kven kan søkje?

Norske forskingsinstitusjonar utanom fiskeriforvaltinga (ikkje Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet) og norskregistrerte private aktørar i samarbeid med forskingsinstitusjon kan søkje.

Kva kan det søkjast om?

Tilskotsordninga skal først og fremst bidra til å dekke kostnader for å innhente kunnskapsgrunnlag for ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursane, men kan også etter ei konkret vurdering nyttas til å hente inn annan kunnskap for å realisere føremålet i havressurslova. Tilskotet skal berre dekke kostnader til bruk av fartøy og andre ekstrakostnader ved toktverksemd.

  • Tilskotet kan maksimalt dekke 50 prosent av kostnadene for forskingsprosjektet i 2019, og det er berre reelle kostnader som ikkje er finansierte gjennom ekstern finansiering.
  • Søkjar må også leggje fram fullstendig budsjett og opplyse om status for anna finansiering. Prosjekt som dekker fiskeriforvaltinga sitt kunnskapsbehov har høgast prioritet, men andre prosjekt som fell inn under ordninga sitt føremål kan også søkje.

Krav til mottakar

Resultata frå prosjekta skal gjerast offentlege og fritt tilgjengelege. Dette inkluderer både innsamla data og resultat.

  • Dersom ein har delfinansiering frå Forskingsrådet, FHF, Innovasjon Norge eller EU, vil det bli vurdert som positivt.
  • Det kan berre gjevast bindande tilsegn om tilskot for budsjettåret 2019. Dersom ein søkjer om støtte til prosjekt som går over fleire år, kan det bli gjeve med atterhald om Stortinget sitt framtidige budsjettvedtak.

Mottakar av tilskotet skal sende inn prosjektrekneskap som gjeve i tilsegnsbrevet.

Mottakar skal også rapportere om korleis prosjektet har medverka til å oppnå målsettingane.

Oppfølgings- og kontrolltiltak vert baserte på mottekne innrapporteringar frå tilskotsmottakar. Fiskeridirektoratet kan vurdere om det er nødvendig med ytterlegare oppfølgings- og kontrolltiltak.

Dersom tilskotsmottakar gjev urette opplysingar eller tilskotet ikkje vert nytta i samsvar med vilkåra i tildelinga, kan tilskotet krevjast heilt eller delvis tilbake.

Søknadsfrist: 9. november 2018