Du er her:

Foreslår fleire nye fredingsområde for hummar

Oppdatert: 02.07.2018

Fiskeridirektoratet har sendt tre forslag om hummarfredingsområde på høyring. Områda er i Sogn og Fjordane, Hordaland og i Vest-Agder.

I Sogn og Fjordane gjeld forslaga Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik kommunar. I Hordaland gjeld det eit område i Austevoll kommune og i Vest-Agder to område i Flekkefjord kommune.

Hummar i fredingsområde vert både fleire og større

Fredingsområde for hummar i Noreg har eksistert sidan 2006, då fire område blei oppretta. Effekten av desse fire har blitt følgt opp årleg av Havforskingsinstituttet.

Fredinga har gitt ein langt høgare fangstrate i desse områda samanlikna med område der vanleg fiske er tillate.

– I tillegg har hummaren i desse områda fått vekse seg store, noko som forsterkar fredingseffekten i og med at det er den største og mest produktive hummaren som bidreg mest til rekrutteringa gjennom å produsere fleire og større egg enn det som mindre eksemplar av arten gjer, seier Leni Marie Lisæter, som er seksjonssjef ved forvaltningsseksjon i region Vest.

Fredingsområde er god forvalting

Fredingsområde for hummar er eit reguleringstiltak som kjem i tillegg til dei meir tradisjonelle tiltaka som utforming av teiner, grenser på tal teiner og fiskeperiodar. Å opprette fredingsområder er eit av fleire verkemiddel som bidreg til ein meir berekraftig forvalting av hummar.

I 2006 oppretta Fiskeridirektoratet marine bevaringsområde i Skagerrak med vern av hummar og delvis vern av fisk gjennom reiskapsavgrensingar (berre tillate med krok- og snørefiske). Fire år etter hadde hummarbestanden inne i bevaringsområda auka med 245 prosent eller blitt tilnærma 3,5 gonger så stor, og gjennomsnittsstørrelsen hadde auka med 13 prosent.

Dette kan du lese meir om i «Havforskningsrapporten 2014», som er ein rapport frå Havforskingsinstituttet.

Ynskjer fleire fredings- og bevaringsområde

I 2014 inviterte Fiskeridirektoratet kystkommunane med i ein prosess for å etablere nye fredingsområde for hummar.

– Fiskeridirektoratet ynskjer prosessar med lokal forankring der kommunane saman med lokale interesser sjølve tek initiativ og bidreg i etableringsprosessen i samarbeid med Fiskeridirektoratet sine regionar, fortel Lisæter.

På våre nettsider finn de invitasjon og informasjon om prosessen samt om effekten av fredingsområda.