Du er her:

Ungdomsfiskeordninga for 2018 klar

Oppdatert: 09.05.2018

Er du mellom 12 og 25 år kan du nå prøve deg som fiskar i sommar.

Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien. Alle som fiskar etter sommarjobb kan nå registrere seg hos Fiskeridirektoratet.

Målet med ungdomsfiskeordninga er å gi unge ein inngang til fiskaryrket.

Stortinget har bede regjeringa om å greie ut ordninga med tanke på å utvide den.

Dette arbeidet er ikkje heilt ferdigstilt enno. Departementet har valt å vidareføre forskrifta, då fisket etter rognkjeks kan starte allereie 12. mai.

Dersom konklusjonen av dette arbeidet blir at ungdomsfiskeordninga skal endrast, vil forskrifta bli retta opp etter behov.

Meir om ordninga

  • Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien.
  • Ordninga vil gjelde for heile landet i perioden frå og med 18. juni og til og med 10. august 2018, og femner om alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.
  • For fiske etter rognkjeks gjeld ordninga frå og med laurdag 12. mai 2018 til og med onsdag 20. juni 2018 vest for 26° Ø, og i perioden frå og med laurdag 12. mai 2018 til og med torsdag 5. juli 2018 i Finnmark aust for 26° Ø.
  • Ungdom under 12 år kan av sikkerheitsgrunnar ikkje delta i ordninga.

Sjå meir infomasjon i vedlagt skjema i høgre kolonne.