Nedslåande resultat frå kontroll med fisket etter leppefisk

Ulovleg bruk av utanlandsk mannskap var blant regelbrota som vart avdekka under ein kontroll av fisket etter leppefisk på Sunnmøre sist veke.

Fiskeridirektoratet region Midt gjennomførte samarbeidskontroll i lag med Kystvakten, Politiet, Statens Naturoppsyn og Mattilsynet på Nordre Sunnmøre, der det mellom anna vart ført kontroll med gjennomføringa av fisket etter leppefisk.

Endringar i forskrifta

Kontroll av leppefiskteiner © Fiskeridirektoratet

For sesongen 2016 kom det ein del endringar i leppefiskforskrifta. Det blei innført geografiske kvotar og skjerpa krav til mellom anna bustadsadresse for minst halvparten av mannskapet om bord, og at eigar og høvedsmann måtte vere manntalsført i fiskarmanntalet.

I løpet av dei dagane kontrollen varte, vart sju ulike leppefiskfartøy kontrollert.

Nedslåande

Resultatet var heller nedslåande. Seks av dei sju kontrollerte fartøya hadde eit mannskap som ikkje tilfredsstilte krava i henhold til «Forskrift om regulering av fisket etter leppefisk i 2016».

Regelbrota var mellom anna at høvedsmann ikkje var manntalsført, og at gjerne heile mannskapet kom i frå utlandet og ikkje var busatt i ei kystkommune eller i ei nabokommune til ei kystkommune.

Fiskeridirektoratet region Midt vil no handheve regelbrota.

Det nedslåande resultatet viser at vi må ha fokus på gjennomføringa av fisket etter leppefisk, der målet må vere at regelverket blir etterlevd og at alle får samme vilkåra i utøvinga av fisket.

Oppdatert: 19.09.2016