Du er her:

Fiskeridirektøren vil opne for kommersielt fiske etter raudåte

Oppdatert: 11.05.2016

Raudåte kan bli den neste store norske havressursen som deler av den norske fiskeflåten kan utnytte. Fiskeridirektoratet har sendt over ein rapport til Nærings- og fiskeridepartementet der det vert tilrådd å opne for eit avgrensa kommersielt fiske etter raudåte i Norskehavet.

Ressurssituasjonen for raudåte er god i Norskehavet, og behovet for marint råstoff er stort både til fiskefór og til menneskeleg bruk.

Etter mange år med forsøksfiske tilrår difor Fiskeridirektoratet at det i norsk del av Norskehavet vert opna for ordinært fiskeri i område utanfor grunnlinene i Norges økonomiske sone (NØS) avgrensa mellom 62° N og vest for 24° A, og i Jan Mayen-sona utanfor 12 nm.

Etter mønster frå Antarktis

Raudåte. Foto: Havforskningsinstituttet

Raudåte. © Havforskningsinstituttet

Fiskeridirektoratet tilrår at det vert fastsett ein totalkvote etter liknande mønster som for kvotefastjinga for krill i CCAMLR-området i Antarktis.

For heile det opna området i Norskehavet vert det føreslått å fastsetje ein totalkvote på 165 000 tonn. 

Til fråtrekk kjem 3 000 tonn avsett for hausting av raudåte i eit område i NØS mellom grunnlinene og 1000 meter djupnekoten.

— Forvaltinga må basere seg på at raudåte er ein nøkkelart i økosystemet. Raudåte er svært viktig føde for ei mengd viktige fiskeslag. Den må difor regulerast i eit føre var-perspektiv og med ein låg beskatningsgrad. Det vil i tillegg vere avgjerande at fisket etter raudåte ikkje skal utgjere eit trugsmål mot egg, larver og yngel av sentrale fiskeslag som vert transportert nordaustover i kyststraumen, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Av omsyn til sårbare bestandar som til dømes kysttorsk vert også all hausting av raudåte innafor grunnlinene forbode.

Dei viktigaste forslaga til reguleringstiltak oppsummert

  • Norsk totalkvote utanfor grunnlinjene i NØS avgrensa ved 62oN og 24oA, og utanfor 12 nm i Jan Mayen-sona vert sett til 165 000 tonn.
  • Av dette vert ein kvote på 3 000 tonn fastsett til området mellom grunnlinene og 1000 m djupnekoten i NØS.
  • I området utanfor 1 000 m djupnekoten i NØS nord for 62°N og i Jan Mayen-sona vert kvoten fastsett til 162 000 tonn.
  • Fiske innafor grunnlinene er forbode.
  • Fiske i Jan Mayen-sona er forbode innafor 12 nm.
  • Det kan tildelast i storleiksorden 10 særskilte trålløyve for fiske etter raudåte i området mellom grunnlinene og 1 000 m djupnekoten i NØS. Desse løyva gjeld også i området utanfor 1 000 m djupnekoten.
  • I området utanfor 1 000 m djupnekoten i NØS og i Jan Mayen-sona kan fartøy delta som alt har eit særskilt trålløyve for eit anna norsk fiskeri. Merkeregistrerte fartøy utan trålløyve for andre fiskeri, kan og søkje om trålløyve for hausting av raudåte i desse områda.
  • Fartøy som vert tildelt trålløyve, må kunne riggast for bruk av flytetrål.
  • For å kunne delta i fisket må fartøy etterleve krava i eit standardisert system for prøvetaking av fangstene.
  • Fiskeristyresmaktene kan krevje at inspektørar eller observatørar kan setjast om bord for å følgje fisket etter raudåte. Fiskeristyresmaktene avgjer kor lenge ein inspektør skal vere om bord. 
  • Eventuelle endringar av reguleringsopplegget vil bli gjort i samråd med næringa på tilsvarande måte som for andre norske fiskeri.