Kjøparregistrering

All førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar skal skje gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag. Den som skal kjøpe fangst i første hand skal vidare vere registrert som kjøpar i Fiskeridirektoratet sitt register over kjøparar. Det er forbode å kjøpe fangst på andre stader enn dei anlegg eller stader som er registrerte i kjøparregisteret.

Dersom du har fått dispensasjon frå ditt salslag til å selje fangst ved kai direkte til forbrukar, må du i tillegg vere registrert i kjøparregisteret. Dette følgjer av forskrift om registrering som kjøpar av fangst § 2 femte ledd (lovdata.no) For å bli registrert som kjøper i kjøperregisteret må søker være registrert i Foretaksregisteret og Enhetsregisteret, og sende søknad til Fiskeridirektoratet region Nordland. Kravet om registrering av kaiselgere i kjøperregisteret gjelder både yrkes- og fritidsfiskere. Ved innsending av søknad, bruk skjema for kjøparregistrering som kaiselgar.

Ordinære kjøparar av fisk i første hand direkte frå fiskar må ved søknad om registrering i kjøparregisteret nytte skjema for registrering som kjøpar av fangst.

Det må reknast med saksbehandlingstid.

Mobile kjøpestasjonar

I samsvar med forskrift om fangst av kongekrabbe aust for 26° Ø mv. i 2021 § 8 fjerde ledd (lovdata.no) er det frå 1. mars 2021 ikkje lenger tillate å nytte mobile kjøpestasjonar ved landing og omsetning av kongekrabbe. Fiskeridirektoratet kan i særlege tilfelle gi dispensasjon frå forbodet. Det er lagt til rette for ei dispensasjonsordning for mobile kjøpestasjonar for kongekrabbe på stader der det er lang avstand frå fangstfeltet til næraste ordinære mottaksanlegg. Søknad må sendast til Fiskeridirektoratet region Nord.
E-post: 

Dersom ein ønsker å registrere mobil kjøpestasjon ved kjøp av andre artar, sjå også kva reglar som gjelde ved fiske, landing og omsetjing av fisk (mattilsynet.no). Landing og omsetjing til mobile kjøpestasjonar der fisken blir sortert, vegen og eventuelt pakka (handtert) på kai, utløyser krav i hygieneregelverket om at den mobile kjøpestasjonen skal vere godkjent av Mattilsynet.

 
Oppdatert: 05.01.2021