Kvotereduksjon i turistfiske frå nyttår
Frå 1. januar 2021 vil det berre vere mogleg å ta med fisk ut av landet dersom du har fiska og opphalde deg ved ei turistfiskebedrift som er registrert i Fiskeridirektoratet sitt register over turistfiskebedrifter.
Kvoten vert redusert til 18 kilo fisk eller fiskevarer, inkludert ferdiglaga fiskeprodukt og fiskefilet.
Du kan ta med deg denne kvoten inntil to gongar i løpet av kalenderåret.
I tillegg til kvoten kan du ta med:
- Fisk eller fiskevarer som er kjøpt i Noreg er ikkje omfatta av desse reglane, dersom det kan dokumenterast at fisken eller fiskevarene er kjøpte frå registrert næringsdrivande.
- Fisk som er fiska frå merkeregistrert fartøy og overtatt frå fartøyeigar er heller ikkje omfatta av reglane, dersom dette kan dokumenterast ved å legge fram sluttsetel.