Brukar mykje tid på å informere om reglane for turistfiske

Alle Fiskeridirektoratet sine regionar kontrollerer turistfiskebedrifter. Informasjon om regelverket er framleis ein stor del av kontrollane.

Når kontrollørane er på besøk hos turistfiskebedrifter brukar dei mykje tid på å informere om regelverket for minstemål, utførselskvote og om rapportering av fangst. Dei tipsar også om å bruke  fritidsfiskeappen for å halde seg oppdaterte på regelverket.

Før kontrollane blir det sjekka kva bedrifter som har rapportert fangst og kva bedrifter som ikkje har gjort det. Dette gjev gode indikasjonar på kva bedrifter det er mest hensiktsmessig å kontrollere.

Det er påbode å rapportere fangst ein gong kvar månad.

Språkleg utfordring

At turistane som fiskar ikkje kan norsk er som forventa, men når dei som driv turistfiskebedrifta ikkje kan norsk, kan det bli ekstra utfordrande å drive god informasjon om regelverket.

Fiskeridirektoratet har laga informasjonsmateriell på engelsk, tysk, polsk og russisk, og dette er tilgjengeleg på nettsida vår, fiskeridir.no

Kongekrabbe i Finnmark

Kva type fangst turistane får varierer mellom dei ulike landsdelane. I sør er det blant anna mykje sei mens det i nord er mykje torsk. I tillegg har Finnmark også kongekrabbe.

Turistane kan ikkje sjølve fiske etter kongekrabbe, men kan delta i slikt fiske i regi av bedrift som har løyve til å ha med turistar om bord for å fiske etter kongekrabbe. Om lag 16 bedrifter har søkt om å få drive med dette turistfisket i 2019. Av desse har 11 rapportert fangst i 2019.Per juli 2019 er det rapportert at om lag 9 tonn kongekrabbe er fangsta i turistfiske. Totalkvoten for dette fisket er 10 tonn i 2019.

Jamt over godt inntrykk

Frosen fiskefilet. Foto: © Fiskeridirektoratet

Stort sett har dei som kontrollerer turistfiskebedriftene inntrykk av at gjestene held seg til reglane. Enkelte bedrifter syter også sjølve for at gjestene ikkje tek med seg meir enn utførselskvoten. For registrerte bedrifter er denne kvoten 20 kilo, og tek gjestene med seg meir får dei ikkje stadfesting frå bedrifta. Utan stadfesting på at fisket har gått føre seg ved registrert bedrift er utførselskvota 10 kilo.

Auka beslag

Sjølv om dei fleste held seg til reglane, er det likevel ein auke i beslaga,  både i sør og i nord. Bøtesatsane for å smugle fisk ut av landet er dobla for å bidra til å redusere fiskesmugling.

I første kvartal i år er det beslaglagt over 2,3 tonn fisk, som er forsøkt smugla ut av landet. Slik smugling øydelegg for den seriøse delen av turistfiskenæringa. Fiskeridirektoratet har godt samarbeid med blant anna Tolletaten og Politiet for å stoppe smuglinga.

Oppdatert: 13.08.2019