Utførsel av fisk: kvote og krav til dokumentasjon

Utførselskvoten er 18 kg for gjester ved registrerte turistfiskebedrifter. Turistfiskarar skal dokumentere at fisket har gått føre seg i regi av ei registrert turistfiskebedrift når dei tar fisk ut av landet.

Utførselskvote

Frå 1. januar 2021 er det berre mogleg å utføre fisk dersom du har fiska og opphalde deg hos ei registrert turistfiskebedrift. Utførselskvoten er 18 kilo fisk eller fiskeprodukt. Du kan ta med deg utførselskvoten inntil to gongar per år.

Du kan ikkje lenger ta med troféfisk i tillegg til utførselskvota.

Ferskvassfisk, som laks, aure og røye, kjem utanom utførselskvoten.

Krav til dokumentasjon ved utførsel av fisk

Når du tar fisken ut av landet, må du som reisande kunne dokumentere at fisken er fanga i regi av ei registrert turistfiskebedrift

Som dokumentasjon på at fisket har føregått i regi av ei registrert turistfiskebedrift, godtar Tolletaten dokument som inneheld følgande opplysingar:

  • den registrerte turistfiskebedrifta sitt namn, adresse og organisasjonsnummer
  • namn på den eller dei som har fiska i regi av bedrifta
  • tidsrommet for opphaldet

Personane som er namngjevne på dokumentet må vere med når fisken blir ført ut av landet.