Fremjer krav om snarleg reduksjon av industriutslepp

Fiskeridirektoratet meiner miljøvernstyresmaktene bør fremje krav om snarleg reduksjon av indistriutsleppa i Sørfjorden i Hordaland.

Fiskeridirektoratet har nyleg gjeve ein høyringsuttale til Miljødirektoratet i samband med søknad frå selskapet Tizir Titanium & Iron i Tyssedal (TTI) om forlenging av mellombels utsleppsløyve for blant anna utslepp av sink og bly til sjø, og i tillegg høgare utslepp av kadmium til sjø.

Store konsekvensar
– Utslepp av tungmetall frå TTI har store negative konsekvensar for miljøtilstanden i Sørfjorden, skriv Fiskeridirektoratet mellom anna i sitt høyringssvar.

Dei meiner Miljødirektoratet derfor bør setje krav om snarleg reduksjon av utsleppa.

Dersom slike tiltak ikkje lar seg gjennomføre innan to år, frårår Fiskeridirektoratet at det vert gjeve utvida utsleppsløyve.

Oppdatert: 12.03.2014