Gyte- og oppvekstområde

Å sikre gyte- og oppvekstområde for fisk i arealplanlegginga er avgjerande for fiskerinæringa og for ei berekraftig forvaltning av fiskebestandane.

Område som er viktige for at fisk skal kunne formeire seg, vekse opp og inngå i haustbare bestandar vert i fiskeriforvaltinga kalla for «ressursområde». Dei omfattar:

  • gyteområde
  • oppvekstområde for yngel/fangstbar fisk
  • beiteområde for større fangstbar fisk
  • viktige vandringsruter for større fangstbar fisk

Det er viktig å beskytte gyte- og oppvekstområde og andre ressursområde mot nedbygging. Det er også viktig at det i nærleiken av ressursområda ikkje vert opna for tiltak/bruk som kan øydeleggje eller forringe den funksjonen områda har for fisken.

Tiltak og inngrep som kan vere skadelege for gyteområde er til dømes sprenging i og ved sjø, seismikk, mudring, utfylling i sjø og utslepp av næringssalt, organisk materiale og partiklar. Når slike tiltak likevel må gjennomførast av omsyn til andre viktige samfunnsinteresser, er det viktig at dei vert gjennomførte utanom gytetida.

Torsk

Torsk er ein av dei viktigaste kommersielle fiskeartane i Noreg. Bestandane av kysttorsk er under press. Fiskeridirektoratet har særleg fokus på gyte- og oppvekstområde for torsk.  Etter gyting er egg og larver ekstra utsette for ytre påkjenningar, og det er viktig at dei har best mogleg miljøforhold.

Både Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet har samla inn data om ressursområde. Desse finn du i dette kartet:

Sjå ressursområde i Fiskeridirektoratets kartteneste (Yggdrasil)

Oppdatert: 02.07.2021