Arealplaner

Fiskeridirektoratet har som samfunnsoppdrag å fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvalting av marine ressursar og marint miljø. Ein viktig del av arbeidet vårt er å delta i arealplanlegginga til kommunane.

For å oppnå god sameksistens og utvikling i kystsona er det viktig å sikre god balanse mellom ulike aktivitetar i sjø. Kommunane må ta utgangspunkt i lokale tilhøve. I tillegg må dei ta omsyn til nasjonale og regionale mål for bruk og vern av kystsona og sjøareala i kommunen.

For at potensialet for sjømatproduksjon frå norske kyst- og havområde kan utnyttast på ein berekraftig måte, skal Fiskeridirektoratet bidra til at fiskeri- og akvakulturnæringane sine interesser vert ivaretekne i saker etter plan- og bygningslova.

Fiskeridirektoratet er i arealplanlegginga særleg opptekne av å sikre omsynet til:

  • Gyte- og oppvekstområde for fisk
  • Fiskeplassar
  • Låssetjingsplassar
  • Marint naturmangfald som er viktig for fiskeri og akvakultur
  • Tang- og tarehausting
  • Akvakultur

Fiskeridirektoratet som offentleg organ har både rett og plikt til å delta i planlegginga når den berører vårt saksfelt. Det framgår av plan- og bygningslova. Fiskeridirektoratet skal medverke i alle relevante plansaker i sjø. Det inneber mellom anna å gje uttale til kommuneplanar, reguleringsplanar og i dispensasjonssaker. Vi bidrar også med kunnskapsgrunnlag til kommunale planprosessar.

Fiskeridirektoratet kan fremje motsegn til arealplanar i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, eller som av andre grunnar er av vesentleg betydning for saksområdet vårt. Vår motsegnskompetanse er knytt til fiskeri, og tang- og tarehausting.

Retningslinjer for arbeid med kystsoneplanlegging i Fiskeridirektoratet

Oppdatert: 08.06.2021