Sterk kvalitetskultur

Systematisk kvalitetsarbeid sikrar at vi unngår feil, manglar og ulik saksbehandling som kan få store konsekvensar for næringane og skade forvaltinga sitt omdømme.

Vi er løysingsorienterte og opptatt av å nå våre mål. Tilsette i Fiskeridirektoratet opptrer einheitleg, føreseieleg og profesjonelt slik at ingen er i tvil om at direktoratet er éin etat.

Vi har god kultur og gode rutinar for å dele kunnskap og søke råd hos kvarandre. Vi innrømmer og rettar opp feil og lærer av desse.

Ambisjonar 2020:

  • Vi dokumenterer effekten av det vi gjer og utviklar standardar og metodar som bidreg til å auke kvaliteten, likebehandlinga og produktiviteten i arbeidet vårt.
  • Leiarane brukar meir tid på planlegging og prioritering for å nå våre mål og sikre god ressursbruk.
Oppdatert: 02.06.2015