Sterkt kompetansemiljø

Høg kompetanse i alle ledd av Fiskeridirektoratet gir auka tiltru til norsk fiskeri- og akvakulturforvalting.

Næringane vi forvaltar er i rask endring, og Fiskeridirektoratet set derfor læring, kunnskap og rekruttering i system. Arbeidet vårt er til ei kvar tid basert på best mogleg fagleg kunnskap.

Individuell kunnskap vert omsett til felles kompetanse, og vi strekkjer oss langt for at tilsatte på alle nivå har moglegheit til personleg og fagleg utvikling til beste for samfunnsoppdraget vårt.

Ambisjonar 2020:

  • Vi har godt samsvar mellom direktoratets kompetansebehov og den faktiske kompetansen vi har.
  • Leiarane prioriterer medarbeiderutvikling.
  • Vi arbeider offensivt med planar for korleis vi skal rekruttere og behalde medarbeidarar.
  • Vi er blant dei mest attraktive arbeidsplassane der vi er.
Oppdatert: 02.06.2015