Enkel og føreseieleg forvalting

Eit regelverk som ivaretek relevante omsyn, som er lett å forstå og som følgjer samfunnsutviklinga, gir legitimitet.

Vi er bevisste på kva omsyn regelverket skal ivareta. Vi forstår næringane sine utfordringar og utviklar reglar som er enkle å følgje. Vi samarbeider med næringane for å forebygge regelbrot. Å sørge for at lover ikkje vert brotne, er likevel næringane sitt samfunnsansvar.

Vi forbetrar, fornyar og forenklar regelverket og forvaltinga, og vi utviklar nye metoder for tilsyn og kontroll. Vi samarbeidar strategisk med nye og eksisterande samarbeidspartnarar.

Ambisjonar 2020:

  • Regelverket ivaretar ålment aksepterte omsyn.
  • Regelverket er enkelt å forstå, følgje og handheve.
  • Vårt tilsyn og våre kontrollar er baserte på risikovurdering.
  • Våre arbeidsprosessar blir systematisk evaluerte, forenkla og forbetra. Dette har gitt høgare produktivitet og betre kvalitet på arbeidet vårt.
  • Vi opptrer einheitlig og konsekvent.
Oppdatert: 02.06.2015