Open og tydeleg forvalting

Openheit og tydelegheit er ein føresetnad for at næringsaktørane, samarbeidspartnarar og samfunnet skal ha tillit til det arbeidet vi gjer.

Vi går i dialog og søker samarbeid internasjonalt, nasjonalt og internt i Fiskeridirektoratet for å utvikle vår forvalting.

Vi er til stades og tar ei tydeleg og aktiv rolle.

Ambisjonar 2020:

  • Vi kommuniserer aktivt og tydeleg med bakgrunn i vår fagkunnskap.
  • Vi vert føretrekt som informasjonskjelde på våre forvaltingsområde.
  • Vi er ein naturleg deltakar i fora der fiskeri- og akvakulturnæringane vert diskuterte.
  • Vårt kunnskapsgrunnlag og alle offentlege data vi brukar i arbeidet er tilgjengelege for ålmenta på ein enkel måte.
Oppdatert: 23.04.2015