Strategi og satsingar

Fiskeridirektoratet gir råd til Nærings- og fiskeridepartementet om korleis fiskeri- og akvakulturnæringa bør forvaltast, og kontrollerer at lover og reglar blir følgde. Les meir om våre mål og oppgåver.

Fiskeridirektoratet blei etablert i Bergen i 1900 og er myndigheitenes rådgjevande og utøvende organ innan fiskeri- og havbruksforvalting i Noreg. Direktoratet er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet.

Sjølv om forvaltinga kan instruerast av politisk leiing, er forvaltinga fagleg uavhengig, byggjer sine råd på kunnskap vunne gjennom erfaring eller forsking og gir råd til politisk leiing basert på beste faglege skjønn. Forvaltinga legg fram ulike alternativ, grunngjev desse og illustrerer konsekvensane av dei ulike alternativa.

Fiskeridirektoratet skal bidra til å oppfylle Nærings- og fiskeridepartementets overordna mål, som er å sikre rammevilkåra for ei lønsam og berekraftig fiskeri- og havbruksnæring samt anna marint basert næringsliv.

Visjon: Livet i havet - vårt felles ansvar