Tre leiarklynger i Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet vil frå 1. november framstå i ny organisasjonsdrakt. Ei eiga lokaliseringspolitisk utgreiing som slår fast kor Fiskeridirektoratet sine einheiter skal ligge er no klar. Det skal opprettast tre leiarklynger i henholdsvis Bergen (hovudkontor), Bodø og Tromsø.

fiskeridirektør-frank-bakke-jensen.jpg
Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen. Foto: Vegard Oen Hatten, Fiskeridirektoratet

– Den lokaliseringspolitiske utgreiinga er siste brikke i omorganiseringsprosessen som Fiskeridirektoratet har jobba med sidan 2020. Alt ligg no til rette for ei effektiv og rasjonell oppgåveløysing, meir effektiv kontroll med fiskeri og akvakulturnæringane og brukarane skal oppleve eit direktoratet som driv lik handsaming av like saker, uavhengig av kor sakene høyrer heime, seier fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen.

Til stades på kysten

Leiarane i Fiskeridirektoratet på ulike nivå skal ha kontorstad i Bergen, Bodø eller Tromsø med unnatak av leiinga for fartøy og deltakarseksjonen som skal ligge i Vadsø og leiinga for seksjon for reaksjonar som skal ligge i Ålesund.

– Den lokaliseringspolitiske utgreiinga har vore handsama i Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal og distriktsdepartementet. Den slår fast at Fiskeridirektoratet skal vere sterkt til stades på kysten og alle våre kontor skal oppretthaldast og fleire kontor blir jamvel styrka, seier Bakke-Jensen.

Hovudkontor i Bergen

Den lokalpolitiske utgreiinga stadfester at hovudkontoret i Fiskeridirektoratet skal vere i Bergen og vere kontorstad for fiskeridirektøren og assisterande fiskeridirektør, i tillegg til ei rekkje andre leiarstillingar.

Frå 1. november vil det bli oppretta to landsdekkande divisjonar, ein for forvaltning og ein for kontroll og tilsyn. Leiinga for forvaltningsdivisjonen skal ha kontorstad i Tromsø, medan leiinga for kontroll og tilsyn skal ha kontorstad i Bodø.

Oppdatert: 12.10.2022