MS Fjorgyn snart klar for viktig jobb

I midten av mai var Fiskeridirektoratets nye båt MS Fjorgyn ferdig utrusta ved verftet Oma Båtbyggeri As på Stord, og er no i gang med testing før fartøyet formelt blir overlevert. Etter nokre månader med testing skal MS Fjorgyn inn i ordinær operativ og viktig teneste for landet.

MS Fjorgyn vil inngå i Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste som har heile kysten og norske havområder som arbeidsfelt.

– Båten skal brukast til kontrolloppdrag, og skal i tillegg fungere som vertsbåt for ulike forskingsoppdrag og til ulike oppdrag knytt til opprydning av havbotnen. Den vil bli ein svært effektiv tilvekst til den flåten vi alt disponerer og gir oss ein mykje større aksjonsradius, sier leiar for Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste, Rolf-Harald Jensen.

MS Fjorgyn, Fiskeridirektoratets nye båt. Foto: © Fiskeridirektoratet.
MS Fjorgyn, Fiskeridirektoratets nye båt.

Meir kunnskap

Til saman vil dei ulike bruksområda til båten bidra til meir kunnskap om havet, som både forvaltninga og næringane vil ha nytte av. Etter kun nokre dagar med testing er det stort sett berre godord å høyre om fartøyet.

– Båten er ikkje formelt overtatt enno. Så langt har det kun vore småting vi har meldt tilbake, og det virkar veldig lovande. For Fiskeridirektoratet vil dette fartøyet betyr eit solid skritt oppover og vil gi oss endå betre muligheit til å oppfylle oppdraget vårt, sier Jensen.

Moderne utstyr

Båten er eigd av reiarlaget Norled, men er leigd av Fiskeridirektoratet i åtte år, med opsjon på inntil to år til. Den er utstyrt med noko av det mest moderne utstyr som finns, som hybrid framdrift, både luft- og undervassdroner, infraraude kamera for effektive søk, og det er eit godt utstyrt laboratorium om bord som vil bli brukt av både Fiskeridirektoratets eigne folk og ulike gjesteforskarar som har oppdrag om bord.

Meir effektiv kontroll

Det er eigne krav til bemanning av båtar av denne storleiken og det må til ei kvar tid vere fire personar om bord; skippar, maskinist og to inspektørar. Skippar og maskinist er tilsett i Norled, medan inspektørane er tilsette i Fiskeridirektoratet.

– Ordinær bemanning er seks personar. I tillegg til sikkerheitsbemanninga på fire personar vil det vere to inspektørar i tillegg. Det kan i ein overgangsfase betyr at vi har mindre ressursar på andre områder som Sjøtjenesten skal dekke. Men på den andre sida vil denne båten kunne gjere kontroll av fiskebåtar på feltet meir effektiv, seier Jensen.

Fakta om MS Fjorgyn

Byggeår: 2022

Største lengde: 41,04 meter

Breidde: 10,6 meter

Djupn: 3,67 meter

Fire motorar på 1200 HK kvar

Hybrid framdrift – diesel og batteri

Oppdatert: 27.05.2022

Vil du hjelpe oss å forbedre formidlingen av data?

Det tar et par minutter, og kommer deg og andre til gode seinere.

Gå til undersøkelsen