Fiskeridirektoratet er 120 år

Torsdag 15. oktober 1900 blir rekna som dagen Noreg etablerte ei fiskeriforvaltning med opprettinga av Norges Fiskeristyrelse, som seks år seinare vart omorganisert til Fiskeridirektoratet. 

Seint om kvelden 24. april 1900 vedtar Stortinget at det skal opprettast ein fiskeristyrelse med sete i Bergen, og 15. oktober blir den nye fiskeriadministrasjonen etablert med Johan Hjort, Jens O. Dahl og Gabriel Westergaard som medlemmer.

Kvifor Bergen

Bergen blei etter alt å døme valt som hovudsete fordi byen gjennom historien hadde sterk tilknyting til fiskerisektoren, og i tillegg dreiv «Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme» aktiv lobbying frå sitt hovudkvarter i Bergen for å opprette ein statleg fiskeriadministrasjon og at den skulle ligge i Bergen. Selskapet var starta i 1879 og var ein framtredande maktfaktor i Bergen og på kysten.

Fiskeridirektoratets historie kan frå starten i 1900 til i dag grovt sett delast i tre deler. Første del handlar om forsking og fiskeforsøk. Andre del handlar om næringsutvikling og om å bygge landet etter andre verdskrigen, mens tredje del handlar om forvaltning og kontroll, men med næringsutvikling som ein viktig faktor.

Ueinigheit

Fiskeristyrelsen medlemmer var samansett av ein vitskapsmann (Hjort), ein fiskerikyndig (Westergaard) og ein byråkrat (Dahl) og dei blei aldri einige om retninga fiskeristyrelsen skulle ta. I 1906 vart difor styrelsen omorganisert til Fiskeridirektoratet med Johan Hjort som den første fiskeridirektør.

I perioden 1900 til 1940 handla det om å finne fisken for fiskarane, og fiskeriforvaltninga er i startfasen sterkt prega av forskarar som Johan Hjort, Oscar Sund og Thor Iversen i arven etter forskingspionerar som Georg Ossian Sars og Fritjof Nansen. Under krigen var Fiskeridirektoratets viktigaste jobb å sørge for at fiskarane hadde tilgang på reiskap. Krigen gjorde det vanskeleg å få tak i råvarer og ingrediensar til å produsere reiskap og anna utstyr fiskarane trong i yrket sitt.

«Å bygge landet»

Etter andre verdskrigen starta del to i Fiskeridirektoratets historie og då handlar det i stor grad om å bygge landet etter fem harde krigsår. Næringsutvikling og teknologisk utvikling sto øverst på prioriteringslista, samstundes som havforskinga blei styrka og det blei meir merksemd retta mot kontroll, først og fremst ulike former for kvalitetskontroll. I denne perioden blei til dømes vitamininstituttet etablert og Havforskingsinstituttet blei i 1947 organisert som ein eigen avdeling i Fiskeridirektoratet. Vitamininstituttet skifta seinare namn til Fiskeridirektoratets ernæringsinstitutt.

Men det var å få fart på kysten og fiskeria som var det mest sentrale, og i Fiskeridirektoratet sat det folk og teikna fiskebåtar, dei prosjekterte fryseri og filétlinjer og direktoratet dreiv landets fiskarfagskular og velferdstasjonar i inn- og utland. I denne perioden vart det bygt betre og sikrare båtar, ein havfiskeflåte vart bygd opp, kraftblokka og den meir moderne ringnota blei tatt i bruk og ekkoloddet gjorde fiskeflåten i stand til å finne fisken kor den enn var. Samla sett gjorde dette fiskeflåten mykje meir effektiv enn før og den var no i stand til å fiske når som helst kor som helst. Snart oppdaga fiskeristyresmaktene at det faktisk var mogeleg å nærast fiske havet tomt.

Direktoratet endrar fokus

Fase to i Fiskeridirektoratets historie ender med at sildebestanden kollapsar og det fører til at direktoratets fokus etter kvart endrar seg til å forvalte dei store fiskebestandane og kontrollere at det ikkje blir fiska meir enn det som er avtalt. Kvotesystemet blir dermed introdusert og inspektørar skulle ikkje lenger berre lukte på fisk, dei skulle også telje den.

Nytt eventyr

I startfasen av denne perioden ser eit nytt industrieventyr dagens lys. Satt litt spissen kan vi seie kommersiell oppdrett av fisk startar med nokre fiskarar på Trøndelagskysten som ikkje lenger kunne fiske sild fordi silda var borte. Sivert Grøntvedt blei på mange måtar mannen som satte det heile i gang. Han fekk satt ut nokre enkle trekonstruksjonar i sjøen og kledde dei med garn. Norsk oppdrettsnæring var dermed født. På 50 år har dette utvikla seg til ei hypermoderne og svært lønsam næring som produserer om lag 1,5 millionar tonn fisk i året.

Av ulike grunnar hamna forvaltningsansvaret for den nye næringa i Fiskeridirektoratet. I dag er oppdrettsforvaltninga nokså fragmentert og omtrent like omfattande som den tradisjonelle fikeriforvaltninga.

Samfunnsoppdrag

Forvaltning og kontroll av dei levande marine ressursane, inkludert oppdrett av fisk er framleis det mest sentrale Fiskeridirektoratet driv med. Næringsutvikling har enno ein framtredande plass, men med eit litt anna utgangspunkt enn i tida etter andre verdskrigen. Dette gjenspeglar seg tydeleg i Fiskeridirektoratets samfunnsoppdrag:

«Fiskeridirektoratet skal fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvaltning av marine ressursar og marint miljø».

Fakta:

Fiskeridirektørar 1900 – 2020:

Johan Hjort: 1900/1906 – 1916

Gisle Johnson: 1916 – 1918 (konstituert)

Sigurd Asserson: 1918 – 1937

Hans Jacob Salvesen: 1937 – 1945

Ola Brynjelsen: 1945 – 1948 (konstituert)

Klaus Sunnanå: 1948 – 1973

Knut Vartdal: 1973 – 1978

Hallstein Rasmussen: 1978 – 1988

Viggo Jan Olsen: 1988 – 1996

Peter Gullestad: 1996 – 2008

Liv Kristin Holmefjord: 2008 – 2020

Frank Bakke-Jensen er frå 1. oktober 2020 tilsett som fiskeridirektør, men vil ikkje kunne overta stillinga før etter stortingsvalet hausten 2021.

Oppdatert: 14.10.2020