Du er her:

Fiskeridirektoratets Miljøpris 2018 til Kenneth Bruvik

Oppdatert: 22.08.2018

Vinnar av Fiskeridirektoratets miljøpris 2018 er Kenneth Bruvik frå Fjell i Hordaland. I mange år har han vore spesielt opptatt av forsøpling av havet og kysten, og har skapt og vedlikehaldt eit stort engasjement både lokalt, nasjonalt og internasjonalt for å få merksemd omkring marin forsøpling.

Kenneth Bruvik mottok Fiskeridirekotratets miljøpris 2018 Foto: © Fiskeridirektoratet

Prisen vart delt ut av fiskeriminister Harald T. Nesvik og fiskeridirektør Liv Holmefjord på Nor-Fishing i Trondheim.

Folkeleg engasjement

Etter at ein gåsenebbkval vart funnen med magen full av plast på Sotra i januar 2017 har Bruvik stått for eit folkeleg engasjement for å få redusert marin forsøpling. Fiskerinæringa er ei av kjeldene til plastforurensing i havet og forsøpling av kysten, og det er stort behov for den type engasjement som Kenneth Bruvik står for.

Men engasjementet til Bruvik starta lenge før den såkalla plastkvalen vart funnen på Sotra. Gjennom sitt arbeid i Norges Jeger- og Fiskerforbund – Hordaland (NJFF-Hordaland) med ungdomar som slit med å tilpasse seg ein ordinær skuledag, har han i over 20 år både registrert og plukka opp stadig større mengder plastavfall langs strender og i viker på kysten.

Det nyttar

Fiskeridirektoratets Miljøpris 2018 gikk til Kenneth Bruvik (t.h). Her sammen med fiskeridirektør Liv Holmefjord og fiskeriminister Harald Tom Nesvik. Foto: © Olav Lekve / Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratets Miljøpris 2018 gikk til Kenneth Bruvik (t.v.). Her sammen med fiskeridirektør Liv Holmefjord og fiskeriminister Harald Tom Nesvik. Foto: © Olav Lekve / Fiskeridirektoratet.

- Forurensing av havet er ein stadig større trussel mot alt liv i havet, og engasjementet vinnaren av årets miljøpris har skapt og halde vedlike har gitt oss trua på at det nyttar – at vi kan snu ei ødeleggande utvikling og dermed redusere og fjerne forurensing til havet og på kysten, sa fiskeridirektør Liv Holmefjord ved tildelinga av miljøprisen.

Kenneth Bruvik har fått i stand fleire samarbeidskonstellasjonar på tvers av ulike nivå og utgangspunkt, og har også vore sentral i å skape eit internajonalt engasjement for å redusere marin forsøpling. Kenneth Bruvik har også vore programleiar for fleire TV-program og er ein mykje brukt foredragshaldar.

Til dagleg er han tilsett i Norges Jeger- og Fiskerforbund – Hordaland (NJFF-Hordaland), der han i 1998 etablerte og framleis driftar TAM-prosjektet (Tryggheit, Ansvar, Mestring), som er eit tilbod til barn og unge som har ulike utfordringar i skulen og heime. I TAM-prosjektet får ungane lære naturbruk og får sosial kompetanse som vil kunne hjelpe dei i andre samanhangar.