Du er her:

Vern av kysttorsk i sør

Oppdatert: 03.04.2019

Frå og med 15. juni 2019 er det forbode å fiske torsk heile året i Oslofjorden. I tillegg er det i 14 definerte område på Skagerrakkysten forbod mot alt fiske i gyteperioden.

Reguleringane gjeld alle, både yrkesfiskarar og fritidsfiskarar.

Vernetiltaka er delt i to hovuddeler:

  1. Det blir forbode å fiske torsk i Oslofjorden innafor ei linje frå grensa mellom Vestfold og Telemark og tvers over fjorden til grensa mot Sverige. Forbodet gjeld heile året. Fiskar du i dette området og får ein torsk skal du løyse den forsiktig frå reiskapen og sette den forsiktig ut i sjøen igjen.
  2. Det blir innført eit forbod mot alt fiske i gyteperioden for torsk innafor 14 definerte gyteområder frå Lindesnes langs Skagerrakkysten, i Oslofjorden og til grensa mot Sverige. Forbodet gjeld frå og med 1. januar til og med 30. april.

Kart over områda

For å gjenoppbygge bestandane

Forsking gjennom lang tid har vist ei urovekkande utvikling ved at torsken forsvinn frå kyst- og fjordområda lengst sør og aust i landet. Det er spesielt ille i Oslofjorden og på Skagerrakkysten. Fisk er ein fornybar ressurs, men må forvaltast og utnyttast på ein slik måte at også framtidige generasjonar kan hauste av dei levande ressursane i havet. Derfor er det viktig at det vert innført eit strengt vern for å bygge bestandane opp igjen.

Fiskerimyndigheitene reknar med at fritidsfiske er den viktigaste årsaka til nedgangen i bestandane av kysttorsk i verneområdet, men også endringar i klima og miljøpåvirkning fra landbruk, industri og andre kjelder kan ha ein viss effekt. Eit tredje element er beiting på fisk frå kystsel i området. Derfor vert fellingskvoten for kystsel i dette området auka med 20 prosent.