Du er her:

Utførsel av fisk: kvote og krav til dokumentasjon

Oppdatert: 21.12.2017

Utførselskvoten er 20 kg for gjester ved registrerte turistfiskebedrifter, og 10 kg for alle andre. Turistfiskarar skal dokumentere at fisket har gått føre seg i regi av ei registrert turistfiskebedrift, når dei tar fisk ut av landet.

Utførselskvote

I utgangspunktet kan den enkelte ta med seg 10 kilo, mens den som fiskar i regi av ei registrert verksemd vil kunne ta med seg inntil 20 kilo. Denne avgrensinga gjeld innanfor ein periode på 7 dagar. Den som tar med seg full kvote ved utreise frå Noreg, kan derfor ikkje ta med fisk ved ny utreise før det er gått minst 7 dagar.

Du kan ikkje lenger ta med troféfisk i tillegg til utførselskvota.

Krav til dokumentasjon ved utførsel av fisk

Turistfiskarar skal dokumentere at fisket har gått føre seg i regi av ei registrert turistfiskeverksemd, når dei tar fisk ut av landet. Denne dokumentasjonen vil kunne lagast i ein ny app, som direktoratet har under utvikling. Men inntil appen er ferdig utvikla må turistfiskarar dokumentere fiske i regi av ei registrert verksemd på annan måte.

Dette kravet til dokumentasjon gjeld for dei som nytter den nye utførselskvota på 20 kg frå årsskiftet. Dei som berre fører ut inntil 10 kg treng ikkje dokumentere nokon tilknyting til ei registrert verksemd. 

Krava

Tolletaten vil godta faktura eller tilsvarande legitimasjonsdokument for opphaldet utskriven til namngjeven person i reisefølge eller per person. Vidare må denne legitimasjonen innehalde:

  • den registrerte turistfiskeverksemda sitt namn, adresse og organisasjonsnummer
  • namn på den eller dei som har fiska i regi av verksemda
  • tidsrommet for opphaldet 
  • kor mange personar opphaldet gjeld for

Tolletaten vil også kunne akseptere ei utskrift av kva den enkelte turistfiskar har rapportert til verksemda at dei har fiska. Ei slik utskrift må angje:

  • verksemdas identitet
  • kven som har fiska
  • kor mykje som er fiska

Dokumentet kan skrivast ut ved heimreise, stemplast og underskrivast av verksemda.

Personane som er namngjevne på dokumentet må vere med når fisken blir ført ut av landet.

Film om turistfiske i Noreg