Du er her:

Turistfiske etter kongekrabbe

Oppdatert: 10.01.2018

Retningslinjer for fangst av kongekrabbe for reiselivsbedrifter som ikkje nyttar merkeregistrerte fartøy.
Gjeld innanfor kvoteregulert område aust for 26°A (Nordkapp). 
Når totalkvantumet på 16 tonn hannkrabbar er oppfiska vert dette fisket stoppa. 
Det er kun nødvendig å søke éin gong per reguleringsår. 

Kven kan delta?

Bedrifta må vere registrert i Brønnøysundregistra og bedrifta sitt formål må inkludere «turistfiske» eller liknande. Turistar kan ikkje på eigen hand drive fangst av kongekrabbe gjennom bedrifta sitt løyve.  

Område og periode

Retningslinjene gjeld turistnæringas fangst av kongekrabbe innanfor kvoteregulert område slik det kjem fram av forskrifta  §§ 1, 2 og § 16.  

Når totalkvantumet er berekna oppfiska vert fisket stoppa.  

Minstemål

Det er forbode å fange kongekrabbar med ei skjoldlengde mindre enn 130 millimeter. Skjoldlengda målast frå indre ende av augehola til innbukting i bakkant midt på ryggskjoldet. 

Fartøy og andre framkomstmiddel

Fartøy som vert nytta til turistfiske skal vere eigna for turistfiske etter kongekrabbe.  

Fartøy skal vere registrert i Småbåtregisteret eller Skipsregistrene. Det er ikkje tillate å nytte merkeregistrert fartøy.

Dersom fangstområdet er på is, kan andre framkomstmiddel nyttast for transport fram til fiskestaden.

Identifikasjonssystem (AIS)

Eit kvart fartøy som vert nytta i turistfisket skal vere utstyrt med typegodkjent identifikasjonssystem (AIS) klasse A eller B. For andre framkomstmiddel som vert nytta på same tur skal minimum eitt av desse vere utstyrte med identifikasjonssystem (AIS) klasse A eller B.  

For fartøy skal AIS-systemet haldast i gang til ei kvar tid gjennom heile reguleringsåret. Unntak gjeld dersom straumtilføringa må brytast på grunn av vedlikehald av systemet, verkstadopphald eller når fartøyet skal ligge uverksamt i meir enn 14 dagar. Det skal sendast melding til Fiskeridirektoratet før straumen vert broten. Når straumen til AIS-systemet er broten kan ikkje fartøyet endre posisjon. Meldinga skal sendast på elektronisk skjema, Elektronisk skjema for melding om påslått/avslått AIS.

For andre framkomstmiddel kan AIS haldast avslått når framkomstmiddelet ligg uverksamt. I slike tilfelle er det ikkje nødvendig å sende melding til Fiskeridirektoratet når AIS vert slått av. Framkomstmiddelet kan endre posisjon når AIS er avslått.

Reiskap, fangstmetodar og merking av reiskap

Fangsten kan berre drivast med teiner. Talet på teiner er avgrensa til 4 teiner - inkludert samleteiner - per fartøy. Teinene kan settast enkeltvis.  

Reiskapar som vert nytta i turistfisket skal merkast med «Turistfiske», namn, adresse og telefonnummer til bedrifta og fartøyets registreringsnummer (registreringsmerke frå Småbåtregisteret/Skipsregisteret).

Forbod mot omsetting

Kongekrabbe som vert fangsta i samband med turistfiske kan ikkje omsettast.  

Landing av kongekrabbe

Det er kun tillate å lande kongekrabbe i følgjande tilfelle:  

  • a) for å lage og servere kongekrabben til same turistgruppe som deltok på turen, og  
  • b) for mellomlagring av kongekrabbe i samleteine for seinare opphenting av krabben til ny turistgruppe. Kongekrabben som blir teken opp etter dette punkt kan berre brukast i tråd med bokstav a).  

Det kan maksimalt landast 0,25 kongekrabbe for kvar deltakande turist på den enkelte tur anten krabben er fiska eller henta frå samleteine. Dersom talet på deltakande turistar på turen er under fire, kan det likevel landast éin (1,0) kongekrabbe. Dersom talet på turistar fører til at faktoren på 0,25 ikkje endar på ein heil krabbe (1,0), kan føretaket lande det talet kongekrabbar runda opp til nærmaste heile kongekrabbe. Eksempelvis kan føretak med 7 turistar lande 2 kongekrabbar.  

Uavhengig av dette punktets første og andre ledd kan det enkelte føretak ikkje fangste meir enn 500 kongekrabbar kvar månad. Fiskeridirektoratet region Nord kan endre den månadlege grensa.

Loggføring

Føretaka som deltar i turistfiske etter kongekrabbe skal ved kvar tur loggføre fanga og landa kongekrabbe, talet på deltakande turistar, og om fangsten utan opphald skal nyttast til laging og servering eller mellomlagring i samleteine. Det skal også loggførast dersom det ikkje vert fangsta kongekrabbe. Skjemaet skal fyllast ut straks etter trekking av teiner og før fartøyet startar turen tilbake til utgangspunktet. Utfylt skjema skal sendast til Fiskeridirektoratet region Nord siste dag kvar månad.  

Skjemaa for loggføring skal merkast med referansenummer for løyvet og skal sendast postmottak@fiskeridir.no.

Innmelding til Sjøforsvarets Kystvaktsentral

Føretak skal melde inn reiskapsposisjon(ar), registreringsnummer på fartøy og antatt tidspunkt for trekking av reiskap til Sjøforsvarets kystvaktsentral på tlf. 07611.  

Utestenging

Føretak som ikkje etterlever retningslinjene kan bli utestengde frå turistfisket. 

Søknad

Fiskeridirektoratet region Nord kan etter søknad gje løyve til deltaking i turistfiske etter kongekrabbe. Søknadsskjema (både elektronisk og i papirversjon)

Løyve til turistfiske etter kongekrabbe vert gjeve årleg, og løyvet er gyldig ut siste dag i det året løyvet vart gjeve.