Du er her:

Turistfiske i Noreg

Oppdatert: 14.06.2018

Det har alltid blitt fiska mykje langs kysten av Noreg, og vi er så heldige at alle kan fiske gratis i sjøen. Men dersom komande generasjonar også skal ha denne moglegheita, må vi alle gjere ein innsats for å sikre fiskebestandane for framtida.

Derfor må utanlandske turister følgje desse reglane når dei fiskar i sjøen:

  • Kun bruke handhalden reiskap. Turistar har ikkje høve til å bruke garn, teiner, ruser, liner eller liknande.
  • Ferdast meir enn 100 meter frå nærmaste oppdrettsanlegg når ein fiskar. All båttrafikk skal skje minst 20 meter unna oppdrettsanlegg og festeanordningar.
  • Har ikkje lov til å selje fangsten.
  • Må ikkje fiske fisk under minstemål.
  • Kan ikkje delta i direkte fangst av kongekrabbe, men det er sett av ein kvote til bedrifter som driv turistfiske i Finnmark. Turistfiske etter kongekrabbe
  • Kan på visse vilkår delta i jakt på kystsel saman med ein norsk statsborgar dersom ein har godkjent skyttarlisens.

Fiskeridirektoratet svarar gjerne på spørsmål på engelsk, russisk eller norsk

Film om turistfiske i Noreg