Du er her:

Oversikt over tapte og funne reiskap

Hjelp            Lisens: NLOD

Rapportering av funne reiskap vart tilgjengeleg i Fritidsfiskeappen i september 2017, men det var først i juni 2018 at funksjonen for å knyte rapporten til ein dykkeklubb vart tilgjengeleg. 

Nedlasting av data

Tabellen kan lastast ned ved å velge Download nedst til høgre under tabellen. I nokon tilfelle kan det hende at valmuligheitene/formata under Download ikkje er tilgjengelege - da vert dei viste i lysegrått. For å gjere dei tilgjengelege må du sette markøren ein stad inni tabellen. 

For å laste ned til Excel: Velg «Crosstab» i Download-menyen. Da får du lasta ned dataa i CSV-format, som kan opnast i Excel.

Om du ynskjer å bearbeide tabellen vidare i Excel, må du konvertere informasjonen til tal. Dette kan du gjere ved å bruke Søk og Erstatt-muligheita i Excel. I Søk-feltet held du «Alt»-knappen inne og trykkjer 0160. I Erstatt-feltet skriv du ingenting. Deretter vel du «Erstatt alle».