Storaksjon mot ulovleg hummarfiske

Den siste veka før hummarfisket opna 1. oktober kl. 08:00 gjennomførte Fiskeridirektoratet i samarbeid Politiet, Kystvakten (KV) og Statens Naturoppsyn (SNO) fleire kontrolloppdrag langs Vestlandskysten frå Egersund i sør til Florø i nord, og i tillegg i Oslofjorden.

I tillegg gjennomførte Fiskeridirektoratet kontroll i hummarfredingsområder i Sognefjorden etter at hummarfisket opna 1. oktober. Aksjonen før fisket opna 1. oktober avslørte svært mange lovbrot. Totalt vart det beslaglagt 196 reiskapar dei dagane aksjonen vart gjennomført. Då er ikkje resultatet frå kontrollaksjonen i Oslofjorden med.

Kontroll i Rogaland

I ein fellesaksjon med KV, SNO og Politiet i Rogaland vart det totalt beslaglagt 75 reiskapar, i all hovudsak teiner.

Beslag av teiner og hummar. Foto: © Fiskeridirektoratet
Beslag av samleteine i Rogaland.

– Vi beslagla mellom anna ei samleteine med 10 hummarar i, og i tillegg ei samleteine med ein hummar i der eigaren er kjent. Mesteparten av beslaga dreier seg om feil fluktopning, dårleg eller ingen merking og i nokre tilfelle mangel på innmontert bomullstråd, seier seniorinspektør Nils Johan Stonghagen i Fiskeridirektoratet, region Sør.

I tillegg til å ta beslag i ulovleg reiskap vart det gitt 53 advarslar for mindre alvorlege regelbrot.

– Vi var også ute 1. oktober før fisket opna kl. 08:00 og tok beslag i ei teine med bakgrunn i at den var satt før lovleg fangsttid, seier Stonghagen.

Vestland fylke

Også lenger nord på Vestlandskysten vart det gjennomført fellesaksjon mot ulovleg hummarfiske i dagane før sesongstart. Denne aksjonen dekka eit område frå heilt sør i Vestland fylke til området sør for Bergen (ved Flesland flyplass).

Kontroll av hummarteiner. Foto: © Fiskeridirektoratet
Seniorinspektør Rudi Iden fører beslag i kontrollsystemet.

Her vart det det beslaglagt 121 reiskapar, det meste teiner, nokre få ruser og fire samleteiner. Totalt vart det innlevert 54 anmeldelsar med både kjent og ukjent eigar. I tilfelle der eigaren er kjent vil det kunne vanke relativt store bøter. Totalt vart det altså beslaglagt 196 ulovlege reiskapar i dagane før hummarfisket opna.

– Med hurtiggåande båtar klarar vi å dekke store områder på relativt kort tid. Vi registrerer at folk stort sett er flinke til å merke reiskapane sine, men vi ser dei same regelbrota over alt: Ein del endrar fluktopninga frå 80 mm til 60 mm i dagane før 1. oktober og satsar på at teinene får stå i fred for oss. I enkelte områder er det kamp om plassen og nokre klarar ikkje å vente, seier seniorinspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

Dyrplageri

Etter at fellesaksjonane vart avslutta gjennomførte Fiskeridirektoratet kontroll sør for Bergen og vidare nordover mot Florø med patruljebåten «Frey». Resultatet var beslag av fire teiner der ei umerka teine hadde ein hummar.

Seniorinspektør Rudi Iden har ei høne å plukke med nokre av fritidsfiskarane som fangstar med teiner.

– I fleire teiner vart det funne stor krabbe der klørne var borte. Dette er dyrplageri og vitnar om lite respekt for levande vesen. Det er strengt forbode å knekke klørne av krabben, og vi håpar at dette blir det ein slutt på, seier Iden.

Kontroll i fredingsområder

Etter at hummarfisket opna 1. oktober gjennomførte Fiskeridirektoratet kontroll i fleire fredingsområder for hummar i Sognefjorden. Det vart ikkje gjort beslag i nokon av fredingsområda.

– Det ser ut til at folk har god kontroll på regelverket. Vi fann nokre teiner heilt på grensa til fredingsområda, men ingen innafor. Generelt er folk flinke til å følgje regelverket, spesielt etter at fisket er opna. Men det er alltid nokon som bevisst eller ubevisst ikkje har orden på verken utstyr eller regelverk, seier Iden.

Oslofjorden

Det har også vore gjennomført fellesaksjonar i Oslofjorden opp mot oppstart av hummarfisket. Kontrollane vart gjennomført med politiet som hovudansvarleg og med deltaking frå Fiskeridirektoratet og Kystvakten.

Resultat frå denne kontrollen er ikkje klare og vil bli publisert straks dei er mottatt.

Synlegheit er viktig

I alt er det påmeldt 27.268 personar til årets hummarfiske. Dei aller fleste er fritidsfiskarar (26 099), mens 1159 er yrkesfiskarar (882 med fiske som hovudyrke og 267 med fiske som biyrke). Ti personar har ikkje oppgitt status. Flest påmelde er det i Vestland fylke der 7514 personar er påmeldt.

Hummarfisket er svært populært og dominert av fritidsfiskarar. Å vere ute på sjøen og kontrollere, gjerne rettleie og rett og slett snakke med folk er viktig.

– Vi blir stort sett godt mottatt og mange gir uttrykk for at dei er glade for å sjå oss ute på sjøen. Vi får også mange tips om lovbrot når vi er ute og er godt synlege, seier Rudi Iden.

Oppdatert: 04.10.2022