Mange beslag frå aksjon mot ulovleg reiskap

Over 120 reiskapar blei beslaglagt i ein fellesaksjon mot ulovlege reiskapar på Sørvestlandet i midten av mai. Alle beslag blir anmeldt og eigarane kan vente seg eit oppgjer med politiet.

Aksjonen gjekk over fire dagar og omfatta området frå Stavanger i sør og nordover til Austevoll i Vestland fylke og var eit samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Kystvakten, Politiet og Statens Naturoppsyn (SNO).

– Vi beslagla i alt 110 teiner, ni ruser, eitt garn og ein snik (snøre med agn) i løpet av dei fire dagane. Fleirtalet av beslaga har kjent eigar og forholda vil bli anmeldt, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

beslag av ulovlege reiskapar
Over 120 ulovlege reiskapar vart beslagt i fellesaksjonen Foto: Fiskeridirektoratet

Ikkje røkta

Utgangspunktet for fellesaksjonen var reiskapar som står i sjøen, påbodet om nedsenka garn og  ruseforbodet. Det er forbode å fiske med ruser i perioden 1. mai til og med 30. september i Sør-Norge.

– Mykje av reiskapane synes å vere gløymde og var ikkje røkta slik røktingsplikta tilseier. På den andre sida var det gledeleg å konstatere at mange av teinene vi kontrollerte hadde fungerande rømmingsvegar og det var lite død fisk og skaldyr i teinene som hadde korrekt innmontert rømmingsveg, seier Iden.

Oppdatert: 25.05.2022

Vil du hjelpe oss å forbedre formidlingen av data?

Det tar et par minutter, og kommer deg og andre til gode seinere.

Gå til undersøkelsen