Kor handlar du julemiddagen?

Mange har gode fiskemiddagar som tradisjon i juletida, og det er også tida med mange tilbod om fisk og skaldyr på Facebook og andre uformelle fora.

Du kan gjerne kjøpe fisk og skaldyr av privatpersonar, men desse må ha godkjenning og fangsten må vere registrert. Om du kjøper frå ein som ikkje følgjer reglane for sal av fisk og skaldyr, kan du vere med på å støtte miljøkriminalitet og skatteunndraging. Manglande kontroll av fangsten gjer at du heller ikkje veit om maten er trygg å ete.

Det er fleire grunnar til at all fangst som blir omsett skal registrerast:

  • Når vi ikkje veit kor mykje vi haustar har vi heller ikkje godt nok grunnlag til å setje rette kvotar, slik at vi kan bevare og byggje fiskebestandar langs kysten vår.
  • Svart omsetting av sjømat bidreg til lågare skatte- og avgiftsbetaling, og gjev ulike konkurranseforhold i fiskerinæringa. Dette går ut over dei som lever av fiske og samfunna rundt. 

Hugs dette når du handlar fisk og skaldyr

  • Alt sal av fisk og skaldyr skal vere godkjent av eit salslag. Sal direkte frå fiskar til forbrukar krev dispensasjon og eit særskilt løyve frå salslaga.
  • Den som har fått slik dispensasjon til å selje fangsten ved kai, er registrert i kjøparregisteret. Du finn oversikt over kven som er godkjende som kjøparar i kjøparregisteret.
  • Reglane er der for å beskytta nærings- og samfunnsinteressene, og for at du skal vere sikker på at sjømaten du kjøper er trygg og berekraftig fangsta.
  • Om du ser døme på svart sal av fisk og skaldyr kan du nytta tipsløysinga på nettsidene våre for å varsle.

Kjøp lovleg sjømat og kos deg i jula!

Oppdatert: 15.12.2022