Mange beslag og 30 anmeldelsar i reiskapskontroll

Hummarfisket sør for Stad er slutt og ein felleskontroll i Vestland fylke i byrjinga av desember avslørte mange lovbrot. Kontrolletatane beslagla 70 teiner i løpet av fire dagar, noko som førte til 30 anmeldelsar.

Kontrollen gjekk over fire dagar i kommunane Øygarden, Austevoll og Bjørnefjorden, og vart gjennomført som ein fellesaksjon av Fiskeridirektoratet, Kystvakten og politiet. Beslag vart gjort mellom anna med bakgrunn i feil fluktopning, manglande rømmingshol, dårleg eller mangelfull merking og fangsting i fredingsområde for hummar.

Beslaglagte teiner. Foto: Fiskeridirektoratet
70 teiner beslaglagt i felleskontroll. Foto: Rudi Iden, FIskeridirektoratet

– Samanlikna med tidlegare kontrollar i same område etter at hummarfangstperioden er slutt, er dette litt nedslåande, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

Store bøter

Sør for Stad var fangstperioden slutt 30. november, mens den varar fram til og med 31. desember nord for Stad.

I alt 70 teiner vart beslaglagt og det er sendt 30 anmeldelsar for brot på regelverket. Dei beslaglagde teinene var både umerka og merka med namn og adresse. Det er generelt store bøter for ulovleg fangst av hummar.

Merking av samleteiner

I tillegg til ulovlege teiner for fangst vart det kontrollert ein del samleteiner som mangla eigarinformasjon, og nokre hadde ikkje mat til hummaren eller krabben. Dyr som står i samleteiner skal matast og matmangel vil føre til liding for dyra og i ytterste konsekvens til kannibalisme og død.

– Det er mange som lar vere å registrere og merke samleteinene sine når fangstperioden for hummar er over. Det er kun lov å ha hummar i samleteiner i desember. Det er viktig å huske på at samleteiner for hummar skal registrerast hjå Fiskeridirektoratet og kvar samleteine skal merkast med namn og adresse. Det gjeld sjølv om samleteina er festa i ei privat brygge, seier Iden.

Samleteiner for hummar skal registrerast før 1. desember, og skal i tillegg til personopplysningar og stadinformasjon også ha opplysingar om kor mange hummarar som er lagra i teinene.

Kontakt:

Joakim Sande i Fiskeridirektoratet region Vest, 926 60 528

Jørgen Varpe Valle i Kystvakten, 990 94 139

Magne Laastad i politiet, 474 74 829

Oppdatert: 08.12.2021