Deprimerande resultat etter fellesaksjon

Berre omtrent eitt av seks kontrollerte reiskap var i samsvar med regelverket under ein fellesaksjon mot ulovleg fiske på Vestlandskysten i midten av juli.

Totalt vart det beslaglagt 348 ulike reiskapar i aksjonen som var eit samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Kystvakten, Statens Naturoppsyn og Politiet. I desse dagar vert resultatet av fellesaksjonen oppsummert og dei fleste tilfella av ulovlege reiskapar vil bli politimelde.

Fiskeridirektoratet kontrollerte i alt 148 reiskapar og berre 26 av desse var i samsvar med regelverket.

– Dette er ille. Mange av teinene vi beslaglegg har feil fluktopning, feilmontert bomullstråd som skal opne teinene viss dei går tapt eller dei er mangelfullt merka, seier inspektør Narve Leonhardsen i Fiskeridirektoratets Sjøteneste.

Etter at alt av beslag var talt opp og overlevert Politiet onsdag 21. juli gjekk Fiskeridirektoratets oppsynsfartøy «Eir» ein liten tur i området vest for Flesland flyplass mellom Bergen og Sotra. Resultatet frå den korte tilfeldige turen blei beslag av 38 nye ulovlege teiner.

– Det er ikkje spesielt vanskeleg å finne ulovleg reiskap, seier Leonhardsen.

Spøkelsesfiske

Mange reiskapar blir mista eller etterlatte i sjøen og blir ståande og fiske til ingen nytte, som fører til dyremishandling og seigpining av fisk og skaldyr.

spøkelsesgarn-narve-leonhardsen-sjøtjenesten.jpg
Inspektør Narve Leonhardsen drar opp eit spøkelsesgarn fyllt med død og levande krabbe. Foto: Fiskeridirektoratet

– Vi blir lei oss når vi kjem over reiskap som gjerne har stått i sjøen i månadsvis – kanskje år, men samstundes er det tilfredsstillande å få det opp frå sjøen. Det er kanskje noko av det mest meiningsfylte vi gjer, seier Leonhardsen.

Same feil går igjen

Feilmontert bomullstråd og feilmontert rømmingshol er feil som ofte går igjen når Fiskeridirektoratet kontrollerer reiskap.

– Mange ser ikkje ut til å vere klar over korleis bomullstråden skal monterast eller dei veit ikkje at rømmingshol og fluktopning ikkje er det same. Bomullstråden vil rotne etter ei tid og skal sørge for at teina opnar seg viss den går tapt, mens fluktopning skal sørge for at krabbe og hummar under minstemålet kan kome seg ut frå teina, seier inspektør Rudi Iden frå Fiskeridirektoratet region Vest, som også deltok i fellesaksjonen.

Fiskeridirektoratet har ein eigen Youtube-kanal og her er det mellom anna ein animasjonsfilm som viser korleis bomullstråd skal monterast i teiner. Bomullstråd er påbode i teiner som blir brukt til å fange krabbe, hummar og leppefisk.

Meir kontroll

Resultata frå denne aksjonen og liknande aksjoner viser at kontrollbehovet er enormt, og at det trengs haldningsendring hos svært mange som er ute og fiskar i sjøen. Fiskeridirektoratet har tre fartøy som alle vil vere operative og kontrollere reiskap i heile Sør-Noreg i tida framover. I tillegg vil også Kystvakten, Statens Naturoppsyn og Politiet vere ute på sjøen og kontrollere.

Oppdatert: 22.07.2021