Beslag av fiskereiskap i Vestland

I ein nyleg fellesaksjon mot ulovleg fiske i Vestland fylke gjennomført av Fiskeridirektoratet, Kystvakten og Statens Naturoppsyn (SNO) vart det føretatt 58 beslag av ulovlege fiskereiskapar.

Aksjonen vart gjennomført frå Måløy-området og sørover til Fensfjorden i gamle Hordaland. Mange av beslaga ber preg av manglande kunnskap blant fritridsfiskarane.

– Vi ser alt for ofte at vi tar beslag i teiner som tilsynelatande kjem rett frå butikken og der fluktopningar er feil eller blokkert eller det manglar rømmingshol. Alle som skaffar seg reiskap som til dømes teiner, ruser og garn må sørge for at dei er oppdaterte på regelverket, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

I løpet av dei fire dagane aksjonen pågjekk vart det beslaglagt i alt 54 teiner, 3 garn og  ei ruse. Det er innlevert 14 anmeldelsar.

Ver obs ved kjøp av reiskap

Både Fiskeridirektoratet, Kystvakten, Politiet og Statens Naturoppsyn er jamnleg på sjøen og kontrollerer reiskap som står i sjøen. Reiskap som ikkje merka skikkeleg eller som er ulovlege vil bli beslaglagt og eigarane risikerer både anmeldelse og bot. Mange kjøper fiskereiskap og tar den i bruk utan å sjekke om reiskapen er lovleg.

– Vi oppmodar alle som sel fiskereiskap til fritidsfiskarar å gjere kundane merksame på at det er stilt krav til merking av reiskap og til fluktopningar og montering av bomullstråd (råtnetråd). Med betre informasjon håpar vi at talet på saker skal gå ned, seier Iden.

Oppdatert: 15.06.2021