Nytt stort beslag i fritidsfiske

Sist veke vart ein fritidsfiskar utanfor Bergen tatt med 85 teiner og 375 meter breiflabbgarn som var sett for å fiske. I tillegg er det beslaglagt over 50 teiner heime hos mannen.

Dette er langt meir enn det som er lovleg for ein fritidsfiskar, og Fiskeridirektoratet har meldt saka til politiet.

Mange kontrollar langs kysten

Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste patruljerer i desse dagar kysten med båtar og utfører kontrollar, ofte i samarbeid med regionkontora i Fiskeridirektoratet, og i enkelte tilfelle også i samarbeid med politiet, Kystvakta og Statens naturoppsyn.

Etter tips systematisert over ein periode, gjekk Sjøtjenesten og ein inspektør frå Fiskeridirektoratet region Vest til aksjon onsdag 9. oktober mot den omtalte fritidsfiskaren like sør for Bergen. Det vart beslaglagt 85 teiner og 375 meter med breiflabbgarn på fleire ulike stader i fjorden.

Meldt til politiet og varsla Skatteetaten

Lovleg antal teiner for ein fritidsfiskar er 20 (i hummerfisket 10) og 210 meter garn av den typen som vart beslaglagt. I etterkant av sjølve aksjonen på sjøen har politiet vore heime hos den aktuelle personen og beslaglagt meir enn 50 andre teiner.

- Vi har overlate beslaglagd reiskap til politiet og har i tillegg varsla Skatteetaten, då vi mistenkjer at denne personen driv ulovleg sal av fisk og skaldyr, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

Dette er andre gong på kort tid at einskildpersonar er tatt med store mengder reiskap, og der hensikten ser ut til å vere ulovleg sal av fisk og skaldyr. I slutten av september vart ein person i Nordfjord meld til politiet etter å ha fiska med over 60 teiner, 40 meir enn det som er lovleg.

Sjå også vår Facebook-side – siste innlegg om ulovleg sal

Oppdatert: 17.10.2019