Du er her:

Klart for rapportering frå turistfiske

Oppdatert: 14.02.2018

Fiskeridirektoratet har nå klart skjema som kan brukast for å rapportere fangst frå turistfiskebedrifter. Skjemaet er digitalt og verksemdene må bruke ID-porten for å logge seg inn.

Per 14. februar har 450 verksemder registrert seg i turisfiskeregisteret for obligatorisk registrering, medan 142 verksemder har registrert seg frivillig. Alle desse er pålagt å rapportere all fangst som gjestene deira får av dei fem artane torsk, sei, uer, kveite og steinbit.

Foto © Fiskeridirektoratet

– Vi kan ikkje ta imot epostar eller rapportar per post eller faks – kun digitalt innsendte fangstrapportar vil bli registrert. Verksemdene kan bruke skjemaet vi har utvikla til appar for fangstregistrering eller andre elektroniske løysingar som kommuniserer med vår database blir tilgjengeleg, seier seniorrådgivar Trond Ottemo i Fiskeridirektoratet.

Rapport per tur per båt

På skjemaet skal verksemdene rapportere antal fisk per båt per tur – også såkalla nullfangst ved at gjestene ikkje får nokon av dei fem artane i det heile. Dessutan skal det rapporterast kor mange fisk av dei fem artane som vert sett tilbake i sjøen på den enkelte tur.  For å logge seg inn og rapportere må verksemdene bruke ID-porten som kan vere enten «Min ID», «Bank ID» eller annan godkjent pålogging.

– Vi har i tillegg til det digitale skjemaet også laga eit enkelt papirskjema som verksemdene kan be gjestene sine fylle ut for kvar tur dei er på sjøen, seier Ottemo.

Verksemder som er registrert i Fiskeridirektoratets register over turistfiskeverksemder kan la gjestene sine ta med 20 kilo fisk eller fiskevarer ut av landet, medan alle andre som gjester Noreg og som fiskar i sjøen, kun kan ta med seg 10 kilo fisk og fiskevarer når dei forlet landet.